Voss – eit mangfald av aktivitetar
Frå Voss Resort er det korte avstandar til dei fleste aktivitetstilbod, i tillegg til vakre Hardangerfjorden og Sognefjorden. Voss Resort passer difor ypperleg som base, dersom du er ute etter å utforska fjord og fjell og vera med på aktivitetar.
Aktivitetar
Voss er kjend for ekstremsportaktivitetar, men ein treng ikkje å vera ekstremsportar for å prøve aktivietane! Her er høve for å tilpasse til eit kvart nivå og eit finn eit stort mangfald av tilbod. På Voss finn du mellom anna:
- vindtunnel
- klatrepark
- rafting
- tandem fallskjerm
- tandem paragliding
- landevegssykling
- mountain-bike sykling
- golf
- og mykje, mykje meir! For fleire aktivitetar, sjå www.visitvoss.no.
Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å bu hjå oss og booke aktivitetar – me hjelp deg gjerne.
Fjordar
Både Hardangerfjorden og Sognefjorden ligg mindre enn ein times kjøretur frå Voss Resort.
Bur du hjå oss er det difor fullt mogleg å besøka og utforska fjordane som dagstur. Ynskjer du rundturar i desse områda kan ein til døme vera med på anten “Norge i eit nøtteskall” (for Sognefjorden) eller “Hardanger i eit nøtteskall” (for Hardangerfjorden) – begge turane tek utgangspunkt frå Voss.
Sjå meir informasjon om desse turane her.