Aktivitetar

#PaoVoss 

Aktivitetar – Pao Voss

I Voss Resort kan du nyta fjellet til fots, på sykkel eller med paraglider. 
I tillegg er det  berre 5 km til Voss sentrum, korte avstandar til eit mangfald av andre akvititetar på Voss, og mindre enn 1 times køyring til både Hardangerfjorden og Sognefjorden.


Nyt fjellet

I fjella som omkranser Voss Resort er det gode moglegheiter både for fotturar, paragliding og sykling. Her finn ein turar for heile familien, med spektakulær utsikt og flott natur.

Frå 24. juni til 6. august 2017 hjelper me deg til og med eit stykke på veg til fjells og køyrer Ekspressheisen kvar laurdag og sundag.

 

Andre aktivitetar

Voss er kjend for ekstremsportaktivitetar, men ein treng ikkje å vera ekstremsportar for å prøve aktivietane! Her er høve for å tilpasse til eit kvart nivå og eit finn eit stort mangfald av tilbod. På Voss finn du mellom anna vindtunnel, klatrepark, rafting, tandem fallskjerm, tandem paragliding, landevegssykling, mountain-bike syklinggolf og mykje, mykje meir! For fleire aktivitetar, sjå www.visitvoss.no.

Bur du hjå oss i Voss Resort er det berre 5 km til Voss sentrum og korte avstander til dei aller fleste aktivitetstilboda.

 

Fjordar

Både Hardangerfjorden og Sognefjorden ligg mindre enn ein times kjøretur frå Voss Resort. Bur du hjå oss er det difor fullt mogleg å besøka og utforska fjordane som dagstur. Ynskjer du rundturar i desse områda kan ein til døme vera med på anten “Norge i eit nøtteskall” (for Sognefjorden) eller “Hardanger i eit nøtteskall” (for Hardangerfjorden) – begge turane tek utgangspunkt frå Voss. Sjå meir informasjon om desse turane her.

 

Overnatting

Ynskjer du å overnatte i nærhet til fjellet, fjordar og aktivitetar på Voss?
Me har sjølvhushald hytter og leiligheiter til leige gjennom heile året. Sjå meir informasjon om vårt overnattingstilbod her.

Kontakt oss på:

tlf: 4700 4700
post@vossresort.no

Voss Resort Bavallstunet
Bavallstunet 26
5700 VOSS

Undermeny