Slik påverkar Covid-19 skisesongen i Voss Resort

Sjølv om ingen heilt veit korleis årets skisesongen vert, kan me garantere for at me vil gjera alt me kan for at den vert opplevd så lik som mogleg ein vanleg sesong. For å kunne gjera det er me avhengige av at ein følger dei råd som er gitt og blir gitt, samt at me har gode reglar og smittevern på plass. Saman kan me skapa gode opplevingar i vinter!

I samråd med Alpinanleggenes Landsforening, FHI og myndighetene skal me her prøva å gje nokre svar på korleis me kjem til å gjennomføra skisesongen. 

Oppdatert 23. april 2021

  • Skisenteret og gondol er opne. Det er framleis ein stavlengds avstand som gjeld ute i skianlegget, samt eit ledig sete mellom fremmede i stolheis.
  • Storastovo og Varmestovo er opne .
  • Alkohol kan serverast i forbindelse med mat. 
  • Hald minimum 1 meter avstand til andre.
  • Me anbefaler bruk av munnbind innandørs (inkludert på gondol), samt alle stader der du ikkje klarer å halde 1 meter avstand.
     

Under har me beskreve dei hovudreglane som gjeld for skisenter, overnatting, serveringsstader, skiskule/skiutleige, samt arrangement og aktivitetar. Desse reglane vil og vera synlege i anlegget ved sesongstart. Ver oppmerksom på at reglane og kan endras undervegs, i tråd med nasjonale endringar.

 

HOVUDREGLAR

Det viktigaste me krev frå deg som gjest, før du tek skia fatt, er at du spør deg sjølv: 
Er eg sjuk? Er eg i karantene? 

Svarer du ja på eit av desse skal du ikkje besøka Voss Resort/Voss Gondol. 
Me er heilt avhengige av at folk som har symptomer, er sjuke eller i karantene, held seg heime. 


Dersom du er frisk: 

Er du frisk, er du velkomen til å besøka oss. Me ber om at du forholder deg til dei reglane som FHI og styresmakter har utarbeida: 

  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Hald minimum 1 meter avstand

I tillegg må du registrera deg på smittesporingverktøyet SafeSpot (QR-koder) på våre serveringsstader.


Kva om du vert sjuk i anlegget?

Skulle du få symptomer eller bli sjuk når du er på besøk hjå oss, anten det er i skianlegget, på serveringsstadene eller i forbindelse med overnatting, så har me følgjande råd: 

  • Reis heim så fort som mogleg
  • Vent ute eller i eige rom om mogleg
  • Ikkje ta offentleg transport
  • Dekk til munn og nase og hald 2 meter avstand til andre

 

HEISKORT/GONDOLBILLETT

Me har begrensa kapasitet i skianlegget i år. Har du sesongkort er du hjertelig velkomen når som helst. Har du ikkje sesongkort må du kjøpa heiskort på nett. Det er begrensa antal og utvalde typar heiskort for sal denne sesongen. Billetter kjøper du på vossresort.no. Unntak frå å kjøpa skikort på nett gjeld for:

  • studentar, som må kjøpe heiskort i billettluka og framleggje studentbevis for å få rabatt. Vennligst merk at dette berre er mogleg om me har ledig kapasitet. Me oppfordrer difor studenter til å følge med på kapasiteten på nett. Vil du vera heilt sikker på å sikre deg kort, må du kjøpe dette på nett utan rabatt.
  • skikort til barn 0 – 6 år, som må hentast ut i billettluka. Hugs at du som skal følgje barnet framleis må kjøpe heiskortet ditt på nett. 

Ved kjøp av heiskort på nett kan du fylla opp eit keycard som du allereie har. Har du ikkje keycard kan du likevel kjøpe dette på nett og hente kortet i automatar på nedre stasjon gondol eller ved billettluka i Bavallen. 

Me har ingen begrensning på gondolbana. Gondolbilletter kan kjøpast på vossgondol.no. 
Vennligst merk at alle skikort inkluderer gondol.


Har du sesongkort eller heilårskort? 

Då er du hjertelig velkomen når som helst. Sesongkortholdere har fortrinnsrett i skianlegget.

Sjå våre reglar for refusjon og avbestilling av heiskort ift. covid-19 her

 

SKISENTERET

Det er plassavgresningar i skianlegget i år. Kor mange me har plass til, vil variera utifrå antal opne heisar og løyper. Følg med på Facebook og vêr- og føremeldingar for status. 

Dette ynskjer me av dykk: 

  • Hald avstand til andre som ikkje er i ditt følge, både i heisen og i anlegget generelt
  • Bruk gjerne munnbind innandørs og der du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre
  • T-krok: kun ein person på kvar krok. Husstandsmedlemmer og reisefølge kan køyra saman
  • Stolheis: det skal vera eit sete mellom fremmede. Husstandsmedlemmer og reisefølge kan køyra saman
  • Gondol: maks 10 personar i kvar gondol. Husstandsmedlemmer og reisefølge kan køyra saman. Det er påbudt å bruke munnbind i gondol
  • Grunna avstandskrav og restriksjonar på heis, kan det verta noko kø. Me ber dykk vise hensyn, halde avstand og vera tålmodige
     

Ka gjer me for å hjelpa til?

  • Me kjem ikkje til å aktivt hjelpa til ved påstigning på t-krok, tallerkenheis og skiband (rekk opp ei hand om du treng hjelp)
  • Redusert antal gjester i kvar gondolkabin, maks 10 personar (normalt 34 personar)
  • Me ser på tiltak for å spre trafikken i anlegget for å best mogleg utnytta kapasiteten, samt prøve å spre trafikken utover dagen og veka
  • Plakatar/skilt med informasjon rundt i anlegget
  • Antibac stasjoner plassert rundt i anlegget
  • Jevnlig reingjering av alle kontaktpunkt og overflater


SKISKULE

Dette ynskjer me av dykk: 

  • Hald 1 meter avstand til kvarandre
  • Er du sjuk – hald deg heime. Hugs å melde frå dersom du har bestilt skiskule
  • Skal du på gruppeundervisning; møt opp 15 minutt før gruppa skal starte, ferdig på skia og klar slik at organiseringa og god avstand vert lettare
  • Me oppmoder om at kun ein vaksen fylgjer bornet til oppmøtestad
  • Bestill gjerne skiskuletime på førehand ved å ta kontakt på e-post til; skishop@vossresort.no
  • Bruk gjerne munnbind innandørs, også inne på skiskulen

Dette gjer me: 

  • Alle instruktørar har fått opplæring og erfaring med smittevernsarbeid, samt tilnærming til gjestene våre i ulike situasjonar som kan oppstå
  • Me har gode rutinar på ekstra reinhald av utstyr
  • Alle instruktørar har munnbind med seg som kan nyttast ved behov
  • Fast oppmøtestad utandørs
  • Alle våre instruktørar informerer deltakarar om smittevern, samt korleis me skal halde avstand når me stopper, køyrer heis, osv. 
  • Maks 8 deltakarar i kvar gruppe
  • Våre skiinstruktørar bruker eigne hjelpemiddel for å hindre at me kjem for tett på. Likevel garanterer me sjølvsagt at alle våre gjester skal få god hjelp i ein kvar situasjon
  • Alle våre hjelpemiddel blir rutinemessig desinfisert og satt i karantene over natta etter bruk


SKIUTLEIGE

Dette ynskjer me av dykk: 

  • Me har god kapasitet på utstyr, så det er ikkje nøvendig å tinge utstyr på førehand. Unntaket er for grupper over 8 personar; send e-post til skishop@vossresort.no 
  • På travle dagar kan det bli kø og venting for å opprettahalde godt smittevern. Me ber om at de er tålmodige, så skal me gjera vårt beste for å jobbe effektivt og tek i mot deg så snart me vert ledige
  • Bruk din eigen hjelm
  • Ynskjer du å prøve hanskar eller liknande i butikken vår - spør betjeninga FØR du prøver
  • Bruk gjerne munnbind innandørs, også inne på skiutleiga

Dette gjer me: 

  • Me har Antibac stasjonar og nyttig informasjon om smittevern ved inngangen og ved alle betalingsterminalar
  • Alle gjester i Skiskulen må registrere seg via ein QR-kode for å gjere eventuell smittesporing lettare
  • Me ynskjer at du betaler med kort, kontaktlaust eller via Vipps
  • Me har eit maksimum tal på personar som kan vera inne i Skiskulen samstundes.  Bavallen: Maks 10 gjester. Me etablerer ei kø-ordning på utsida ved behov. Hangurstoppen: Maks 20 gjester. På travle dagar vil det bli inngang og utgang til Skiskulen på Hangurstoppen via kulverten og Trollbakken. Kø-ordning vert etablert i kulverten utanfor Skiskulen
  • Me lager kø-system i skiskulen for dei som skal leige utstyr og for dei som skal handle noko
  • Utleige-hjelmar vert flytta til bak kassa. Me bistår deg når du skal leige hjelm hjå oss
  • Utleigeutstyr som stavar,  hjelmar og sko vert desinfisert etter kvar bruk. Utstyret vert så satt direkte i karantene til over natta


SERVERINGSSTEDER OG AFTERSKI

Våre serveringsstader vil halde ope som vanleg. Me oppmodar om å følgje dei generelle retningslinjene som gjeld ift. avstand og servering ved borda. Det vil vera begrensa kapasitet på antal bord, så det er ynskjeleg at du som gjest viser hensyn og forståing.

Det vert ikkje tradisjonell afterski sesongen 20/21, men me lovar koseleg stemning. Bar vert haldt open, innanfor gjeldande smittevernsregler. Det betyr mellom anna avstandskrav og servering ved bord. Alkohol kan serverast i forbindelse med mat. 

Dette ynskjer me av dykk: 

  • Bruk gjerne munnbind innandørs, også på våre serveringsstader
  • Vis hensyn og ver tålmodig
  • Hald avstand til andre (1 meter)
  • Du må registrere deg via smittesporingsverktøyet SafeSpot (QR-kode). Dette gjeld og om du har sesonkort/heilårskort. Me ber deg registrera deg på kvar enkelt plass du besøker (også innanfor same dag)
  • Me ynskjer gjerne at du benytter appen “Ordr” for å bestille og betale kontaktfritt på Hangurstoppen Restaurant, Storastovo og Bavallstunet. Me serverer deretter ved bordet

Dette gjer me: 

  • Redusert kapasitet på våre serveringsstader, for at gjester skal klare å halde min. 1 meter mellom borda
  • Ingen buffet
  • Antibac stasjoner
  • Jevnlig reingjering av alle kontaktpunkt og overflater


OVERNATTING

Me har eigne reglar for refusjon og avbestiling.

Dette ynskjer me av dykk: 

  • Les eposten du får tilsendt ved bestilling nøye
  • Betal helst på førehand. Skal du betale i resepsjonen oppmodar me om å bruke kort eller Vipps
  • Me ynskjer at berre ein frå kvart reisefølge kjem inn i resepsjonen
  • Følg anvisning om kvar nøklar skal hentast ut

Dette gjer me: 

  • Me har skjerpa rutinar på reinhald og følgjer retningslinjene i vår bransje
  • Me desinfiserer alle nødvendige kontaktpunkt
     
Undermeny