Visuell Identitet - Voss Gondol og Voss Resort

Voss Resort går frå å vera ein vinterdestinasjon til ein heilårsdestinasjon når Voss Gondol opnar. Sjå den nye visuelle identiteten til Voss Resort og Voss Gondol!

- Gondolen blir eit frittståande produkt sommarstid. Om vinteren er det ein naturleg del av Voss Resort. Vår visjon er å skape dei gode opplevingane, seier marknadssjef Synva Vinje.

Det å ta gondolen opp til toppen er ei oppleving i seg sjølv, men det som kan opplevast på toppen er like viktig. Gondolen vert mykje meir enn berre gondolen.


Ung designer frå Eksingedalen​

Det er Håvard Bergo, 22 år frå Eksingedalen, som har utforma den nye visuelle profilen til Voss Gondol og Voss Resort.
- Trass i sin unge alder er han ein meget talentfull 22-åring som me er veldig stolte av å ha med på laget. Han er student på Westerdals i Oslo og jobbar som frilanser innan film og grafisk arbeid, seier Vinje.

Slik beskriver Håvard sjølve grunnlaget for den nye visuelle profilen:

Den visuelle identiteten bygger på konseptet om mangfald av opplevingar Voss Resort og Voss Gondol har å by på. Dei grafiske elementa - inspirert av natur og arkitektur i anlegget - kan på ulike måtar kommunisere dette mangfaldet, og gje eit anna uttrykk enn skianlegg flest.

Logoen til Voss Gondol symboliserer gondolen i sin form - der kvadratet er kabinen og diagonalen er kabelen. Logoen til Voss Resort er meir abstrakt, men kan symbolisere noko som beveger seg nedover, eller ein som hoppar på ski.

Fargepalettane er henta ut frå naturen og stemninga både i bygda og på fjellet. Den visuelle profilen er fleksibel, og skal bidra til at Voss Resort og Voss Gondol å kommunisere godt gjennom alle flater.

Fleksibel og moderne profil

- Det var viktig for oss å få utarbeida ein visuell identitet som tydelig viser at Voss Gondol og Voss Resort høyrar ilag, samtidig som dei og fungerer godt kvar for seg, seier marknadskoordinator Linn Ravndal Norevik.

Me ynskja oss ein profil som var leiken, heilhetlig, moderne og som gjenspegla dei tilbod og aktivitetar me no får med gondolen. Noko av styrken som kom ut av det, er fleksibiliteten i profilen. Dette gjer at me kan nytta profilen på ulike måter, alt etter kven me skal kommunisera med. I tillegg vil ein sjå at det ein «raud tråd» gjennom heile identiteten, på tross av at den er noko abstrakt. Etterkvart vil ein kanskje leggja merke til detaljar ein ikkje såg ved første augnekast, kommenterer Norevik. 

Andre nyheter

  • Skianlegget er ope

    Gladmelding! Me held ope skianlegget kvar dag framover!

    Les meir her

  • Sesongstart! Voss Resort opnar 16. november

    Laurdag 16.november opnar Voss Resort deler av skianlegget. Voss Resort har aldri opna anlegget tidligare enn i år!

    Les meir her

  • Offisiell opning av Voss Gondol

    Torsdag 26. september er den offisielle opninga av Voss Gondol.

    Les meir her