Foto: Hunnalvatn Media Foto: Hunnalvatn Media

Til deg som har hatt heilårskort

Har du hatt heilårskort hjå oss? Då har me eit spesialtilbod til deg.

Kjære heilårskort-eigar, 

Først og fremst; tusen takk for at du har valgt å kjøpe heilårskort hjå oss.

Sesongen i år har blitt forkorta og me har stor forståing for at det er kjedelig å ikkje få brukt heilårskortet til det fulle. 

Me står i ein vanskelig økonomisk situasjon, som so mange andre. Dei aller fleste i bransjen har ingen kompensasjon på sine kort.

Men, me er svært takksame for at nettopp du har kjøpt heilårskort hjå oss og ynskjer å tilby 1 mnd ekstra ved kjøp av nytt heilårskort. Tilbodet gjeld for deg som har hatt heilårskort hjå oss før 15. mars 2020. Tilbodet om kjøp av heilårskort med 1 mnd ekstra, gjeld til og med 15. mars 2021. Kom innom oss i billettluka om du skal kjøpe nytt kort, så ordnar me det. Diverre er det slik at det ikkje er mogleg å forlenge eksisterande heilårskort i systemet – forlenginga må gjerast når kortet vert tatt ut. Derav denne løysinga. 

Vidare er det slik at opningstidene til gondol og restaurant er påvirka av koronasituasjonen. Sjølv om me no har fått godkjenning for å opne opp, så er mykje av grunnlaget for å halde ope som normalt, borte. Dette er sjølvsagt svært beklagelig, men me håper på forståing for at me har noko reduserte opningstider ift. det som var planlagt ordinært. Frå 19. juni til 23. august er me dog opne kvar dag.

Sjå opningstidene for gondolen og restaurant her. 
 

Me beklager igjen at sesongen er blitt forkorta. Dette er ikkje ein kjekk situasjon for nokon, men me jobber på og skal gjera alt me kan for å koma sterkt tilbake! 

Har du spørsmål? Kontakt oss på post@vossgondol.no .

Me ynskjer dykk ein flott sommar og håper me sjåast til fjells!

Andre nyheter

  • Auker aldersgrensa på familiesesongkort/heilårskort

    Kjøper du familiesesongkort eller familieheilårskort, gjeld dette no alle barn under 20 år på same adresse.

    Les meir her

  • Nytt snøanlegg i Storslalåmløypa

    Eit samarbeid om utvikling av snøproduksjonsanlegget i Storslalåmløypa vil sikre nedre deler av Voss Resort tidleg snølegging.

    Les meir her

  • Gratis sesongkort til 4. klassingar i Vestland

    I fleire år har Voss Resort gjeve gratis sesongkort til alle 4. klassingar i Hordaland. Me utvider no ordninga til å gjelda alle 4. klassingar i nye Vestland fylke. 

    Les meir her