God stemning i det nye barneområdet på Hangurstoppen; Trollbakken! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn God stemning i det nye barneområdet på Hangurstoppen; Trollbakken! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Skianlegget er ope

Skianlegget er ope kvar dag! Kveldskøyring tirsdagar, torsdagar og fredagar*.

Den rekordtidlege sesongopninga helga 16. – 17. november vart ein suksess, med rundt 1200 besøkande! 
Skianlegget er no ope kvar dag.

Følg med på Facebook-sida vår, samt fnugg.no for status på opne løyper og heisar, samt vêr- og føremeldingar.
 

Sjå opningstider her.
 

Kveldskøyring: 

Tirsdagar, torsdagar og fredagar frå 17. desember (ikkje 24. 26. og 31. desember). 

Sjå meir info her. 

Første skidag - 16. november 2019. Foto: Jon Hunnålvatn Tøn / Hunnalvatn Media

 

Kjøpe skikort:

Du kan kjøpa skikort her: 

  • Hjå Destinasjon Voss (på nedre stajon, Voss gondol) 
  • Online
  • På våre billettautomater

Dersom du har kjøpt sesongkort eller skikort med eksisterande keycard, så kan du gå rett i heisen når du kjem. Minner om at barn 0 – 6 år får gratis skikort, men må ha keycard (kan ikkje kjøpast online). Alle skikort (med unntak av “topptur” og “enkelttur”) inkluderer gondolbana. Har du kjøpt sesongkort, får du tilgang på gondolbana frå og med 16. november. 


Tilkomst – grøn reiseveg! Gondol er inkl. i skikortet.

Ta den grøne vegen til fjells! Me oppmodar om å ta gondolbana for å koma seg opp og ned frå skianlegget. Kjem du med toget frå Bergen går du berre rett i gondolen når du kjem. Kjem du med bil, kan du nytta ein av dei 1300 parkeringsplassane på Vangen/i Voss sentrum. Skal du køyra bil til Bavallen, lyt du køyra til parkeringsplassen på Tråstølen (NB! merk at det ikkje er billettsal på Tråstølen, så du lyt ha billett før du kjem hit). Dersom du skal køyra til Tråstølen oppmodar me om samkøyring, då det er begrensa antal parkeringsplassar på Tråstølen. 

Me minner om at gondol er inkludert i alle skikort (med unntak av “topptur” og “enkelttur”). 


Mange nyheiter​:

I år har me fleire nyheiter i skianlegget enn nokon gong. Sjå meir her!


Skiutleige, skiskule og skiservice:

Skiutleiga på Hangurstoppen er open frå kl. 09:30 – 16:00. Ynskjer du skiskule eller skiservice? Ta kontakt med oss på førehand på e-post skishop@vossresort.no.

 

Vennligst merk! 

Skiskap for langtidsleige på Hangurstoppen er klar for bruk. Skiskap for kortidsleige vert testa i desse dagar og me vonar å kunne opna desse ganske straks. 

Nytt skiband i Trollbakken! Foto: Jon Hunnålvatn Tøn / Hunnalvatn Media

 

Andre nyheter

  • Voss Resort og Voss Gondol stengt til 13.april

    Oppdatert melding 25.mars 

    Les meir her

  • Me utvidar studenttilbodet!

    No har me 40% studentrabatt på dagskort, KVAR dag! Inkludert helger og feriar. I tillegg har me eige sesongkort for studentar. 

    Les meir her

  • Sesongstart! Voss Resort opnar 16. november

    Laurdag 16.november opnar Voss Resort deler av skianlegget. Voss Resort har aldri opna anlegget tidligare enn i år!

    Les meir her