Sesongstart! Voss Resort opnar 16. november
Laurdag 16.november opnar Voss Resort deler av skianlegget. Voss Resort har aldri opna anlegget tidligare enn i år!
“Kulden me hadde førre veke gjorde forholda optimale for snøproduksjon og dette gjer at me no kan opna rekordtidlig”, seier dagleg leiar for Voss Resort Fjellheisar, Anna Bryn.
80.000 kubikkmeter med kunstsnø er produsert, noko som er gjer at me får opna Familieløypa ned til Tråstølen og den nye Trollbakken på Hangurstoppen

Det vert skirenn for dei minste i Trollbakken kl.13 begge dagar. Gratis å delta!
Opningstider
I fyrste omgang held me ope laurdag 16. og sundag 17. november.
Laurdag 16. november: 10:00 – 15:30. Siste gondol ned kl. 18.00.
Sundag 17. november: 10:00 – 15:30. Siste gondol ned kl. 18.00.
Opne heisar:
- Voss Gondol
- Trollbakken
- Tråstølsheisen
Opne løyper:
- Trollbakken
- Familieløypa, ned til Tråstølen
Opne kafeér:
- Hangurstoppen Restaurant
- Laurdag: 10:00 – 17:00 (kjøkkenet stenger kl. 15:30. Restaurant og bar er heilt stengt frå kl. 17:00, grunna julebord)
- Sundag: 10:00 – 17:00
- Storastovo
- Laurdag og sundag: 10:00 – 15:30
Det vert ikkje afterski denne helga.
Foto: Malvin Olde
Kjøpe skikort
Laurdag og sundag kan du kjøpa billett her;
- Hjå Destinasjon Voss (på nedre stajon, Voss gondol) heile dagen
- Online
- I billettluka i Bavallen, frå kl. 10 – 13
Me har 30% rabatt på dagskort denne helga.
Dersom du har kjøpt sesongkort eller skikort med eksisterande keycard, så kan du gå rett i heisen når du kjem. Minner om at barn 0 – 6 år får gratis skikort, men må ha keycard (kan ikkje kjøpast online).
Alle skikort (med unntak av “topptur” og “enkelttur”) inkluderer gondolbana. Har du kjøpt sesongkort, får du tilgang på gondolbana frå og med 16. november.
Tilkomst
Me oppmodar om å ta gondolbana for å koma seg opp og ned frå skianlegget. Kjem du med bil, lyt du køyra til parkeringsplassen på Tråstølen (NB! merk at det ikkje er billettsal på Tråstølen, så du lyt ha billett før du kjem hit). Dersom du skal køyra til Tråstølen oppmodar me om samkøyring, då det er begrensa antal parkeringsplassar på Tråstølen.
Mange nyheiter
I år har me fleire nyheiter i skianlegget enn nokon gong. Sjå meir her!
Vennligst merk!
Skiskolen er ikkje open denne helga. Skiutleiga i Bavallen er open frå 9 – 12 begge dagar. Skiskapa på Hangurstoppen vert ferdigmonterte i desse dagar, men kan diverre ikkje nyttast heilt endå.
