Viktig info om heiskort sesongen 2020/2021

Voss Resort er ope kvar dag! Få med deg viktig informasjon her.

Voss Resort er no ope kvar dag. Følg med på våre vêr- og føremeldingar her på nettsida, samt på Facebook for opne heisar og anna relevant informasjon framover. 

Sesongen 2020/2021 år vert litt annleis enn tidligare, men me lovar å gjera alt me kan for at du skal få nokre fine dagar på ski hjå oss. Me ber deg om å lese gjennom viktig informasjon knytt til besøket og halda dykk oppdatert på eventuelle endringar undervegs i sesongen. Me ber dykk og om å visa hensyn og vera tålmodige i denne perioden. Det er ein ny situasjon for alle og me må gjera oss opp erfaringar undervegs. Det kan verta litt kø på heisar, men hald avstand og vis hensyn, så skal me gjera så godt me kan for å få køen raskt unna. 


Viktig informasjon om heiskort

Grunna koronasituasjonen er det plassbegrensning i skianlegget. Det er nasjonale føringar på kor mange skigjester me har lov til å ha i anlegget, basert på kapasitet på heis. 

  • Skianlegget er ope for alle med sesongkort og ein treng ikkje å registrera seg. Dette gjeld og dei med 4. klassekort.
  • Har du ikkje sesongkort må du kjøpa heiskort på nett før du kjem.
  • Me har eit begrensa antal heiskort for sal. Skikort for heile sesongen er lagt ut for sal her.
  • Grunna covid-19 vert det i år utvalde heiskorttypar som vert lagt ut for sal. 
  • I nokre anledningar kan me oppjustere kapasiteten på dagskort. Dette avhenger av fleire faktorer og me må vurdere dette tett opp mot den dagen dagskortet er gyldig. 
    Informasjon om evt. oppjustering av kapasitet vert delt på Facebook, Fnugg og under «vêr- og føre». Som gjest må ein difor vurdere om:
    1. ein skal sikre seg ved å kjøpe andre typar heiskort dersom det framleis er ledige kapasitet (t.d. formiddagskort). Dersom ein har kjøpt t.d. formiddagskort og me deretter legg ut fleire dagskort, så kan formiddagskortet diverre ikkje endrast.
    2. ein skal vente og "gamble" på at det vert lagt ut fleire dagskort og at ein får tak i det. Risikoen er at det ikkje vert lagt ut fleire kort og at det då og er tomt for formiddagskort.


Heiskort kan kun kjøpast online. Unntaket er:

  • studentar, som må kjøpe heiskort i billettluka og framleggje studentbevis. Vennligst merk at dette berre er mogleg om me har ledig kapasitet. Me oppfordrer difor studenter til å følge med på kapasiteten online. Vil du vera heilt sikker på å sikre deg kort, må du kjøpe dette online utan rabatt.
  • skikort til barn 0 – 6 år, som må hentast ut i billettluka. Hugs at du som skal følgje barnet framleis må kjøpe heiskortet ditt online. 


NB! Me minner om at det ikkje er angrerett på heiskort. Heiskort som ikkje kan brukast grunna vêr og føre, samt uforutsette driftsstanser, vert heller ikkje endra eller refundert.
Du kan sjå våre bestillingsvilkår her.
 

Kjøp heiskort her
 

Vennligst merk: Voss Gondol, Trollbakken, Grebbesbakken, Hangurstoppen Restaurant og langrennstilbodet kan nyttast av alle. Trollbakken og Grebbesbakken har begrensa kapasitet og covid-19 tiltak som slusing av kø osv. Det er “første mann til mølla” som gjeld ift. bruk av desse. Ein kan diverre ikkje ake i Trollbakken og Grebbesbakken når skisesongen er i gang.


Covid-19​

Me er avhengige av å jobba saman med dykk for å skapa gode opplevingar på ski i vinter. Det viktigaste me krev frå deg som gjest, før du tek skia fatt, er at du spør deg sjølv: Er eg sjuk? Er eg i karantene? Svarer du ja på eit av desse skal du ikkje besøka Voss Resort/Voss Gondol. Me er heilt avhengige av at folk som har symptomer, er sjuke eller i karantene, held seg heime.  

Me har utarbeida gode smitteverntiltak for heile anlegget. Les desse før du kjem og følg elles skiltinga i anlegget. 

Sjå meir om våre smitteverntiltak

 

Andre nyheter

  • Bubilparkering i Voss Resort

    I sommar kan du parkera bubilen din i Voss Resort! 

    Les meir her

  • Informasjon vedr. korona

    Voss Resort og Voss Gondol føl til ei kvar tid FHI sine retningslinjer. 

     

    Les meir her

  • Auker aldersgrensa på familiesesongkort/heilårskort

    Kjøper du familiesesongkort eller familieheilårskort, gjeld dette no alle barn under 20 år på same adresse.

    Les meir her