Prisar - Voss Gondol

Sommaren 2019 opnar Voss Gondol. Sjå prisar og ulike billettypar under og vel den billettypen som passer best for deg!

Me ynskjer å tilretteleggja for ulike typar bruk av Voss Gondol. 

Er du aktiv og køyrer ski om vinteren, samt glad i fjellet om sommaren er heilårskortet det beste alternativet for deg. Med dette kortet har du fri tilgang til gondolbanen i eit heilt år frå kjøpsdato. Heilårskortet inkluderer og skikort (inkl. kveldskøyring). 

Ynskjer du å bruka gondolbanen berre på sommarstid, men veit at du kjem til å bruka den mykje, kan sesongkortet vera aktuelt. For sommaren 2019 har me redusert prisen på sesongkort sommar, då bana ikkje opnar før i juli. Sjå pris i tabell under.

I tillegg har me og eit ambassadørkort som passer til dei som kjem til å bruka gondolen ein del. Ambassadørkortet kan ein få ved at ein søkjer om det, men alle kan søkja. Ved kjøp av dette kortet betaler ein kr. 700,- fyrste gong. Dette inkluderer ein tur/retur med banen. Alle påfølgjande turar gjev deg 50% rabatt på tur/retur med dette kortet. Kortet er gyldig i 1 år frå kjøpsdato. Meir informasjon om dette kjem. 

PS: Alle skibillettar inkluderer gondolbillett på vinter. 


Eit mangfald av aktivitetar og arrangement

Voss Resort og Voss Gondol ynskjer at området rundt toppstasjonen (inkl. den nye Hangurstoppen Restaurant) skal verta eit samlingspunkt for vossingar og besøkjande elles. Det vert difor lagt stor vekt på tilretteleggjing av aktivitetar og arrangement på toppstasjonen. Detaljert aktivitetsoversikt kjem i vår. Sjå elles meir om kva som skjer rundt toppstasjonen her.

 

Heilårskort (gjeld 1 år frå kjøpsdato)

Gondolbillettar Vaksen Barn (7 – 17 år) / 
Senior
Familie
Heilårskort – (inkl. skikort og sykkel) 6800,- 5800,- 17400,- **
Ambassadørkort*** 700,- 400,-  

 

Prisar sommar frå opning – 30. november 2019

Gondolbillettar Vaksen Barn (4 – 15 år) Familie
Tur/retur 395,- 260,- 995,- *
Ein veg 295,- 180,- 735,- *
 
1 dag inkl. sykkel 690,- 320,-  
2 dagar inkl. sykkel 960,- 590,-  
3 dagar inkl. sykkel 1190,- 690,-  
Ekstra dag 300,- 150,-  
 
Sesongkort inkl. sykkel 2800,- 1250,- (og senior) 6800,- **
 
Ekstra barn     120,- *
Keycard 60,- 60,- 60,-
Sykkel 80,- 80,- 80,-
Hund 50,- 50,- 50,-

 

Prisar vinter 1. desember 19 – 30. april 2020

Alle skikort inkluderer gondolbillett

Gondolbillettar Vaksen

Barn (7 – 17 år) / 
Senior

Familie
Tur/retur 395,- 260,- 995,- *
Ein veg 295,- 180,- 735,- *
 
Dagskort (inkl. skikort) 455,- 355,-  
Formiddagskort (inkl. skikort) 405,- 305,-  
Ettermiddagskort (inkl. skikort) 405,- 305,-  
Kveldskort (inkl. skikort) 395,- 305,-  
 
Sesongkort (inkl. skikort) 5200,- 4200,- 14900,- **
Sesongkort midtveke (inkl. skikort) 3800,- 2600,-  
Sesongkort langrenn (kun gondol) 1950,- 1500,-  
 
Ekstra barn     120,- *
Keycard 60,- 60,- 60,-
Hund 50,- 50,- 50,-

* Familiekort tur/retur og ein veg: inkl. 2 vaksne og 2 born. Pris per ekstra born = 120,- 

** Familiekort sesong og heilårskort: inkl. 2 vaksne og alle born under 18 år på same adresse. 

*** Ambassadørkort: Første innskudd kr. 700,- (inkluderer 1 stk tur/retur). Deretter halv pris for tur/retur billett. Ambassadørkort gjeld kun gondolbillett for ein person – tillegg for hund, sykkel osv. er ikkje inkludert i ambassadørkortet. Ambassadørkort har 1 års gyldighetstid, er personleg og kan berre nyttast til eigen billett. Meir informasjon om tinging av ambassadørkort kjem. 

Vennligst merk: ambassadørkort, sesongkort og heilårskort er personlege og kan ikkje overdras. 

Andre nyheter

  • Visuell Identitet - Voss Gondol og Voss Resort

    Voss Resort går frå å vera ein vinterdestinasjon til ein heilårsdestinasjon når Voss Gondol opnar. Sjå den nye visuelle identiteten til Voss Resort og Voss Gondol!

    Les meir her

  • Omvisning Voss Gondol

    11. april var Destinasjon Voss på omvisning på topp-og botnstasjon for Voss Gondol. Sjå korleis det såg ut då, tre månader før opning! 

    Les meir her

  • Nytt samlingspunkt på Voss

    Med eit fjell av aktivitetsmoglegheitar og Voss sin største restaurant, vonar med Hangurstoppen vert eit nytt samlingspunkt på Voss. 

    Les meir her