Offisiell opning av Voss Gondol

Torsdag 26. september er den offisielle opninga av Voss Gondol.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til lett underhaldning og snorklypping på nedre stasjon frå kl. 11:45 – 12:30. Utover dagen og på kvelden vert det to lukka arrangement for inviterte gjester på Hangurstoppen Restaurant. Sjølve snorklyppinga skjer på perrongnivå på nedre stasjon. Statsråd Monica Mæland, Aksel Lund Svindal og Kari Traa kjem. “Arme Riddere” står for underhaldninga og Arne Hjeltnes er konferansier. 

Gondolbana går som vanleg og kan nyttast av alle i opningstida. Det er ordinære billettprisar denne dagen. 

Hangurstoppen Restaurant er stengt grunna arrangementet, torsdag 26. september. 

Andre nyheter

  • Bubilparkering i Voss Resort

    I sommar kan du parkera bubilen din i Voss Resort! 

    Les meir her

  • Til deg som har hatt heilårskort

    Har du hatt heilårskort hjå oss? Då har me eit spesialtilbod til deg.

    Les meir her

  • Voss Gondol opnar igjen

    Voss Gondol og Hangurstoppen Restaurant opnar igjen 16. mai. 

    Les meir her