Foto: Benjamin Hjort Foto: Benjamin Hjort

Nytt snøanlegg i Storslalåmløypa

Eit samarbeid om utvikling av snøproduksjonsanlegget i Storslalåmløypa vil sikre nedre deler av Voss Resort tidleg snølegging.

Idrettslaga Voss og Ørnar har stått i bresjen for å sikre ei investering på 18,5 MNOK i nytt utstyr. Investeringa vil automatisere snøproduksjonen i Storslalåmløypa og dei nedre nedfartane i Bavallen. Lokale bankar, kommunen og fylkeskommune har bidrege i finansieringa.

Anna Bryn, dagleg leiar i Voss Resort Fjellheisar, seier investeringa er kjærkomen og vil sikra tidleg sesongstart for løypene i Bavallen. Anlegget vil no har 11 000 liter vatn som vil produsere 16 000 liter snø per minutt under ein normal kuldeperiode.

 

Anlegget vil no har 11 000 liter vatn som vil produsere 16 000 liter snø per minutt under ein normal kuldeperiode. Me forventar å redusere produksjonstida frå 7-8 døgn til 2-3 døgn.

Anna Bryn, dagleg leiar Voss Resort Fjellheisar

Voss Resort har som mål å ta steget opp blant dei 5 største skisentra i landet, målt i skidagar. Investeringa i haust, saman med dei over 30 MNOK som er investert i snøanlegg dei siste 3 åra, vil sikre oss rammefaktorar for å konkurrere om norske og utanlandske skigjester. 

Det vil vera veldig bra for rekrutteringa til idretten at trenings- og konkurranse anlegget i Bavallen får tidleg sesongopning, seier leiar i Voss Alpint, Olav Lødemel. Spesielt er det viktig for dei aller minste, som er avhengig av at foreldra blir med dei på ski. 

 

Fakta om det nye anlegget:

  1. Ei snøkanon per 50 meter langs heile løypa (2500 meter). 22 nye kummer med 22 lanser vert påmontert, i tillegg til 5 nye viftekanoner
  2. Sender ut 11 000 liter vatn per minutt
  3. Vert gjennomført i Tråstølen Ski AS, som er 100 % eigd av idretten (Voss il og Ørnar IL). Støtta økonomisk av Voss Sparebank, Vekselbanken, Vestland Fylke og Hardangerstiftinga, samt Voss Resort
  4. Ein del tekniske utbedringar som vil effektivisere snøproduksjonen
  5. Ny kapasitet; 5000 liter vatn per minutt opp frå Melsvatnet og 6000 liter vatn per minutt ned frå høgdebasseng
  6. Flytting av 5000 kbm steinmassar – vil gjera løypa breiare, mindre snøkrevande og enklare å snølegge.
  7. Det vert bygd 2000 meter veg (Norges brattaste) langs heile løypa – av sikkerheitsgrunner, for framtidig vedlikehald og enkel oppstart kvar haust
  8. Tilsaman er det investert over 50 MNOK i snøproduksjon i Voss Resort dei siste 3 åra.

Andre nyheter

  • Auker aldersgrensa på familiesesongkort/heilårskort

    Kjøper du familiesesongkort eller familieheilårskort, gjeld dette no alle barn under 20 år på same adresse.

    Les meir her

  • Gratis sesongkort til 4. klassingar i Vestland

    I fleire år har Voss Resort gjeve gratis sesongkort til alle 4. klassingar i Hordaland. Me utvider no ordninga til å gjelda alle 4. klassingar i nye Vestland fylke. 

    Les meir her

  • Bubilparkering i Voss Resort

    I sommar kan du parkera bubilen din i Voss Resort! 

    Les meir her