Driftsdirektør Sigbjørn Slåtten og Adm. Dir. Øyvind Wæhle ved nedre stasjon Driftsdirektør Sigbjørn Slåtten og Adm. Dir. Øyvind Wæhle ved nedre stasjon

Ny gondolbane skal ta reiselivet til nye høgder

Etter ein ti år lang prosess, vil den nye gondolen opna neste sommar. Voss Resort trur at dette vil skapa positive ringverknader for heile Voss.

– Som største aksjonær i Voss Gondol, med 75 prosent eigardel, ser vi sjølvsagt på dette som ei svært god investering, som vil få stor betydning for vidare utvikling av Voss Resort. Men vi trur òg at dette vil ha positiv innverknad for det øvrige reiseliv og næringsutvikling på Voss og i regionen generelt, seier administrerande direktør og driftsdirektør hos Voss Resort, Øyvind Wæhle og Sigbjørn Slåtten.
 

Auka turisme

Dei trur at den nye bana vil trekke fleire turistar til Voss, både sommar og vinter.  

– Vi trur at vintertrafikken vil auka med 30 prosent, og det vil skapa ringverknader med hyttebygging og andre aktivitetar. Vi forventer òg ein auke på sommarstid, spesielt med tanke på cruisetrafikk. Gondolbanen gir mogelegheit for turgåing, sykling og å sjå på eller vera med på ekstremsport, seier dei. Turistane vil òg få tilgang til kunstsnø, som vil verta liggande til slutten av mai. Dermed kan dei tilreisande prøva seg på ski eller akebrett sommarstid.
 

Beste alternativ

Å få gondolbanen realisert har vore ein omstendelig prosess.

– Det er ein prosess som har pågått i ti år, frå idéen vart lagt fram i 2008, seier Wæhle.

Allereie då Voss Resort vart etablert i 2007, såg ein på moglegheita for å modernisera ny gondolbane. Å oppgradera Dinglo og Danglo var først eit alternativ.

– Beliggenheit og infrastruktur rundt nedre stasjon bidrog til at dette vart lagt bort. I tillegg ville ikkje kapasiteten kunna aukast med denne typen svevebane. Vi valde difor gondolbane med mange vogner på vaieren samstundes. Gondolen er svært brukarvennleg. Det er 34 passasjerar i kvar vogn der 24 kan sitte. Køa vil røra seg heile tida, då der er ca 40 sekund mellom kvar vogn som kjem inn på stasjonen. Den toler kraftig vind, er driftssikker og redningssikker, seier Slåtten.

Hangursbanen gjorde ein viktig jobb med å sette Voss på kartet. Den vart etablert i 1963 og gjekk i trufast teneste både sommar og vinter. Men den kravde mykje vedlikehald og fonyingar, og kostnadane med å pussa opp banen var så omfattande at det ikkje ville vere økonomisk forsvarleg å gjere dette slik den vart plassert.

Øyvind Wæhle

Gondolbane frå jernbanestasjonen

I samanheng med at det kom nytt trafikk-knutepunkt på Voss jernbanestasjon vart Voss Resort invitert til å diskutera ein eventuell ny gondolbane.

– Dette gav mogleigheit til å byggje ein gondolbane heilt frå jernebaneperrongen på Voss jernebanestasjon og opp på fjellet på 800 meter, noko som er unikt i Nord-Europa, seiar Wæhle.

Det vart samstundes gjennomført eit moglegheitsstudie som avklarte om det var tilstrekkeleg areal til alle tiltaka som var tenkt plassert i knutepunktet.

– Det var svært knapt areal for gondolen. I tillegg var det utfordringar knytt til passering av køyreledningen til NSB med tanke på høgspent med klåre krav til avstand. Moglegheitsstudien avklarte at det var areal for å få gode løysingar for NSB, for rutebussar, taxi, sykkel, hotell og gondol. Grunnlaget var med det skapt for å gå til regulering av tiltaka, fortel dei.
 

Mange bidragsytarar

I 2015 vart Hangursbanen lagt ned og den nye reguleringsplanen vart godkjent. Same år vart Hangursvegen Terrasse etablert. Vekselsbanken sikra lokal finansiering, noko som var første steg på vegen til finansiering av ny gondolbane. I januar i år byrja bygginga av ny gondol som skal stå klar sommaren 2019. Total kostnadsramme for prosjektet er på ca 300 millionar kroner. Mange har bidratt i prosjektet, som er finansiert med eigenkapital, lån og ulike offentlege støtteordningar. Eigenkapitalen er på 80 millionar, som er skutt inn i selskapet Voss Gondol, der Voss Resort eig 75 prosent og Grønahordi AS eig 25 prosent.

– Vi har fått finansiering lokalt hos Vekselbanken og Voss Sparebank i tillegg til hovedlån hos Sparebanken Vest. I tillegg har Innovasjon Norge gitt 10 millionar kroner i støtte og 60 millionar i lån. Hordaland Fylkeskommune har gitt 3,5 millionar i støtte, og kraftfondet til Voss kommune har gitt fem millionar i støtte og 15 millionar i lån. I tillegg kjem fem millionar i statsstøtte gjennom skattefunn-ordninga, seier Wæhle.
 

Nytt hotell

Den nye gondolen, som startar på Voss stasjon og ender på Hangurstoppen 820 meter over havet, er 2000 meter lang og vil frakta 1069 passasjerar per time kvar veg. På Hangurstoppen vert det bygd ein ny restaurant og områder for leik, rekreasjon, og trim sommar som vinter. Like ved gondolbygget og trafikk-knutepunktet vert det og bygd eit nytt, stort konferansehotell. Det er Scandic som skal drifta dette, med opning i januar 2020 . Hotellet vil dobla kapasiteten på Voss, ha heile 216 rom og møtefasilitetar for 350 personar.

– Vi har stor tru på at gondolen og hotellet vil skapa meir liv på Voss, spesielt i sentrumkjernen. Gondolen og hotellet gir 80 årsverk og vekst i turismen. Det er ein omfattande jobb å få alt på plass, men vi er i rute, seier dei fornøgde.

Andre nyheter

  • Gondolen blir viktig for heile regionen - Fylkesordføraren

    Å skapa spennande produkt for helårsturismen er kjempeviktig, og det er den nye gondolen eit godt eksempel på, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

    Les meir her

  • Nyheitssending frå Voss Resort 2018

    Sjå vår nyheitssending med nyheitene for 18/19-sesongen, samt siste status på gondolprosjektet.
    Berre Voss e Voss!

    Les meir her

  • Nye lysløyper og utvida kveldskøyringstilbod

    Etter stor suksess med kveldskøyring i fjor, utvider me tilbodet for 18/19-sesongen!
    No har me over 10 km med lysløyper!

    Les meir her