Illustrasjon: HLM Arkitektur AS Illustrasjon: HLM Arkitektur AS

Ny gondolbane vert ein realitet

Det er med stor glede at me kan melde at ny gondolbane på Voss vert ein realitet.

Styret i Voss Resort AS og Voss Gondol AS beslutta den 11 januar 2018 å iverksette bygging av ny gondolbane på Voss.
Gondolbanen skal erstatte den ærverdige gamle Hangursbanen (Dinglo og Danglo) som vart lagt ned i 2015.


Ein del av trafikknutepunktet

Den nye banen sin nedre stasjon vert i det nye knutepunktet på Voss Jernbanestasjon (Voss Stasjon).
Øvre stasjon, med restaurantkapasitet til 450 personer, vert på Hangurstoppen (820 moh) like ved der som Expressheisen kjem opp frå Bavallen. Byggestart på nedre stasjon er januar 2018 og ferdigstilling med åpning av banen er planlagt sommaren 2019.


Finansiering

Total kostnadsramme for prosjektet er ca kr 300 millioner. Prosjektet er finansiert med eigenkapital, lån og ulike offentlege støtteordningar. Innskutt egenkapital i prosjektet er 80 millioner. Voss Resort AS er største aksjonær i Voss Gondol AS med 75 % eigarandel. Grønahorgi AS eig 25 % av aksjene i selskapet. Innovasjon Norge er inne med kr 10 millioner i støtte og 60 millioner i lån. Hordaland Fylkeskommune har gitt kr 3,5 millioner i støtte. Voss Kommune har gjennom sitt konsesjonskraftfond  gitt kr 5 millioner i støtte og kr 15 millioner i lån. Det er gitt kr 5 millioner i statleg støtte iform av skattefunnordninga.

Fylgjande banker er med i lånefinansieringa:

  • Sparebanken Vest
  • Vekselbanken
  • Voss Sparebank

Leitner Ropeways i Italia skal levera sjølve gondolbanen med alle tekniske installasjoner frå nedre til øvre stasjon. Backe Bergen AS er totalentreprenør på øvrige leveranser i prosjektet.


Stort lokalt engasjement

«Det er med stor glede me no kan meddele at den nye Gondolbanen på Voss vert ein realitet. Dette er ein prosess som no har pågått i 10 år frå ideen vart lagt fram i 2008», seier Administrerande direktør i Voss Resort AS Øyvind Wæhle.

Banen vil få stor betyding for vidare utvikling av Voss Resort, men ikkje minst for den øvrige reiseliv og næringsutvikling på Voss og i regionen generelt seier Wæhle.

Det har vore eit stort lokalt engasjement rundt prosjektet, herunder vil eg trekke fram samarbeidet med Voss kommune, Næringshagen Voss AS, og ikkje minst dei to lokale bankane Vekselbanken og Voss Sparebank, regionalbanken Sparebanken Vest og lokal investor Øyvind Lauritzen i Grønahorgi AS.

Øyvind Wæhle

Om den nye banen

Den nye gondolbana, som startar på Voss stasjon og endar på Hangurstoppen (820 moh)  vil frakte 1069 pers/time passasjere per time kvar veg. Prosjektet vil gje store ringverknader i indre Hordland  og styrke Voss sin rolle som regionsenter.  

Voss har vore eit populær reisemål sidan åpning av Bergensbanen i 1883. Sett bort frå ein periode på 1980 og -90 talet har det vore vekst og utvikling på Voss. Den nye gondolen vil bety ein ny epoke for reiselivet på Voss. Banen, som er ein såkalla 3S, er den mest brukarvennlege,  moderne og sikre banen som er på marknaden i dag.

Den nye gondolbana vil starte frå perrongen på Voss jernbanestasjon. Banen er ca. 2000 meter lang og endar på Hangurstoppen 820 moh. Arbeidet med nedre og øvre stasjon, samt mastepunkt er starta opp og banen vil stå ferdig sommaren 2019. På Hangurstoppen blir det bygd ein ny restaurant og områder for leik, rekreasjon og trim sommar som vinter.

Fylkesmannen i Hordaland godkjende detaljreguleringsplanen for Den nye Gondolbana i brev av 24. august 2015.

Type gondol: Leitner Ropeways 3S
Nedre stasjon: 56 moh
Øvre stasjon:  820 moh
Lengd: 2000 meter
Kapasitet: 1069 pers/time (maks 1544)
Antal kabiner:  9 (maks 13)
Kapasitet pr. kabin: 34 pers.
Køyretid: 6,48 minutt
Restaurantkapasitet: 450 personar

 Sjå video her av tilsvarande bane:  

 

Nytt hotell

Like ved gondolbygget og trafikknutepunktet vert det og bygd eit nytt, stort konferansehotell. Det vert Scandic som skal drifta det nye hotellet, som har planlagt opning i januar 2020. Hotellet vil doble kapasiteten på Voss, ha heile 216 rom og møtefasiliteter for 350 personar.

Andre nyheter

  • Nyheitssending frå Voss Resort

    Sjå vår nyheitssending med nyheitene for 18/19-sesongen, samt status på gondolprosjektet.

    Les meir her

  • Nye lysløyper og utvida kveldskøyringstilbod

    Etter stor suksess med kveldskøyring i fjor, utvider me tilbodet for 18/19-sesongen!
    No har me over 10 km med lysløyper!

    Les meir her

  • Storastovo på Slettafjellet vert pussa opp

    Storastovo på Slettafjellet får ein real oppussing for sesongen 18/19!

    Les meir her