Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Me utvidar studenttilbodet!

No har me 40% studentrabatt på dagskort, KVAR dag! Inkludert helger og feriar. I tillegg har me eige sesongkort for studentar. 

40% rabatt på dagskort kvar dag:

No får du som er student rabatt på dagskort kvar einaste dag i Voss Resort. Inkludert i helger og feriar. 
Ta med deg gyldig studentbevis når du kjem og hent ut kort i billettluka.


Kveldskort, kr. 200,-:

Alle studentar får kveldskort til kveldskøyring for kr. 200,-. 
Ta med deg gyldig studentbevis når du kjem og hent ut kort i billettluka.


Ski-sesongkort for høgskule-, fagskule- og universitetsstudentar, kr 1950,-:

Kortet gjeld for dei som er 30 år eller yngre, samt heiltidsstudentar over 30, som går på høgskule, fagskule eller universitet.

Sesongkortet gjev deg tilgang til alle heisar (inkludert gondol) kvar dag gjennom heile skisesongen. Kveldskøyring tre gonger i veka er og inkludert. Hiv deg på toget, ta gondolen til fjells og få ein pause frå lesesalen. 

Kortet kan kjøpast online no, i billettluka ved nedre stasjon gondol, samt i billettluka i Bavallen, når me nærmer oss opning. Hugs å ta med studentbevis og bevis for betalt semesteravgift. NB! Kortet gjeld ikkje for folkehøgskule. 

Kjøp kortet her

Andre nyheter

  • Viktig info om heiskort sesongen 2020/2021

    Voss Resort er ope kvar dag! Få med deg viktig informasjon her.

    Les meir her

  • Jula i Voss Resort 2020

    Skianlegget, Voss Gondol og Hangurstoppen Restaurant er open kvar dag i jula! Sjå viktig informasjon vedr. skianlegget.

    Les meir her

  • Auker aldersgrensa på familiesesongkort/heilårskort

    Kjøper du familiesesongkort eller familieheilårskort, gjeld dette no alle barn under 20 år på same adresse.

    Les meir her