Foto: Jon Hunnålvatn Tøn Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Mange nyheiter sesongen 19/20!

Aldri før har me hatt so mange, store nyheiter i Voss Resort!

Me går mot ein ny vintersesong og i år har me fleire, større nyheiter enn nokon gong! Me gler oss til å opna 19/20-sesongen. 


Ny gondolbane! 

No kan du reisa grønt (og enkelt) heilt frå bykjerna og opp på fjellet! Voss Gondol starter på Voss stasjon (56 moh) og tek deg til Ekspresstoppen (820 moh – like ved toppen av Ekspressheisen) på mindre enn 9 minutt. Gondolbana har 9 kabiner med plass til 34 personar i kvar kabin og går kontinuerleg. Her er det med andre ord god plass og god kapasitet! Alle våre skikort, med unntak av toppturkort og enkelttur, inkluderer gondolen. 


Nytt barneområde på Hangurstoppen 

Rett foran toppstasjonen for gondolen kjem eit nytt, variert område for nybyrjarar og dei minste, med eit 60 meter langt skiband. Her er det flott utsikt, samt moglegheit til å trekke inn for noko godt å eta og drikka rett ved siden av. 


Ski-sesongkort for høgskule-, fagskule- og universitetsstudentar

For dei som er 30 år eller yngre, samt heiltidsstudentar over 30, som går på høgskule, fagskule eller universitet.

Sesongkortet gjev deg tilgang til alle heisar (inkludert gondol) kvar dag gjennom heile skisesongen. Kveldskøyring tre gonger i veka er og inkludert. Hiv deg på toget, ta gondolen til fjells og få ein pause frå lesesalen. 

Kortet kan kjøpast i billettluka ved nedre stasjon gondol, samt i billettluka i Bavallen, når me nærmer oss opning. Hugs å ta med studentbevis og bevis for betalt semesteravgift. NB! Kortet gjeld ikkje for folkehøgskule. 


Øker aldersgrensa på familiekortet 

Ski-sesongkortet for familier gjeld no for 2 vaksne og alle barn til og med 18 år, på same adresse.​


Ny restaurant og afterski

Hangurstoppen Restaurant er med sine 450 sitteplasser Voss sin største restaurant. Denne finn du på toppstasjonen til gondolbana. Her får du ordentlig god, heimelaga mat med lokale råvarer. Perfekt for ein pust i bakken! Her vert det og afterski. 


Ny skiskule & skiutleige

I underetasjen på Hangurstoppen får me ein ny, stor skiskule og skiutleige. Her er det enkelt tilkomst til og frå skiløypene, med utgang direkte til det nye barneområdet. Her får du leigd alt du treng for ein dag på fjellet, anten du er nybyrjar eller ekspert. Me tilbyr og det meste skiservice, som sliping av kantar, voksing og liknande. 


Skihotell

Er du lei av å frakte skia fram og tilbake? Sett dei igjen i skihotellet vårt! Me har skap i ulik storleik, for både kortids- og langtidsleie. NB! Det kan vera lurt å tinga skap for langtidsleige allereie no, då det er begrensa antal. Sjå meir om skiskap her.

 

Sjå vår nyheittsending for sesongen 19/20 her!

Andre nyheter

  • Opning av Voss Gondol

    ​10. juli 2019, kl. 10:00 opna Voss Gondol! Første offiselle tur var litt før kl. 11. Sjå bilete og video frå opninga her.

    Les meir her

  • Visuell Identitet - Voss Gondol og Voss Resort

    Voss Resort går frå å vera ein vinterdestinasjon til ein heilårsdestinasjon når Voss Gondol opnar. Sjå den nye visuelle identiteten til Voss Resort og Voss Gondol!

    Les meir her

  • Omvisning Voss Gondol

    11. april var Destinasjon Voss på omvisning på topp-og botnstasjon for Voss Gondol. Sjå korleis det såg ut då, tre månader før opning! 

    Les meir her