Høgdebasseng på Hanguren. Foto: Sven Ulvund Høgdebasseng på Hanguren. Foto: Sven Ulvund

Investerer 30 millioner i snøanlegg

Den største investeringa i snøproduksjon i eit skianlegg på Vestlandet nokon gong!

Voss Resort investerer 30 millioner kroner i snøanlegg for 17/18-sesongen. Investeringa blir gjort for å sikre gode skiforhold ved sesongstart.

Det vert bygd eit høgdebasseng på ca. 70 000 kubikkmeter i eit større areal vest for Hangurstoppen. Høgdebassenget vil bidra til å sikre snø i store deler av skianlegget etter ca. 6-7 dagars snøproduksjon.
Kapasiteten vil øke frå 4000 liter per minutt i dag til ca. 10 000 liter vatn per minutt.

Sesongopning tidlig i desember er realistisk med det nye snøanlegget. Det er ingen grunn til å legge skjul på at sesongopninga har vore vanskelig å planlegge i alle år på Voss. Ser me på statistikken har sesongopninga variert frå 1 november til 26. desember, med eit snitt på rundt 10. desember. Med det nye snøanlegget vil me kunne snølegge den populære Familieløypa på vel 4 kilometer, nedre del av Slettafjellet, Storslalåmløypa og Alfaløypa på ca ei veke. Dette vil gje kundane eit bedre tilbod tidlig på sesongen.

Foto: Sven Ove Bøe Foto: Sven Ove Bøe

Andre nyheter

  • Informasjon vedr. korona

    Voss Resort og Voss Gondol føl til ei kvar tid FHI sine retningslinjer. 

     

    Les meir her

  • Auker aldersgrensa på familiesesongkort/heilårskort

    Kjøper du familiesesongkort eller familieheilårskort, gjeld dette no alle barn under 20 år på same adresse.

    Les meir her

  • Nytt snøanlegg i Storslalåmløypa

    Eit samarbeid om utvikling av snøproduksjonsanlegget i Storslalåmløypa vil sikre nedre deler av Voss Resort tidleg snølegging.

    Les meir her