Grebbe får sin heilt eigen skiklubb!

Skiklubben gjev medlemmar gode tilbod på skiinstruksjon og aktivitetar.

Grebbe Hangur er trollet vårt som bur på fjellet heile året. Han besøker borna kvar lørdag og sundag. Han likar godt feriar, så då kjem han på besøk igjen. Han seier ikkje so mykje, men er veldig snill og god på ski.

Nytt for sesongen 2017/2018 er at Grebbe får sin heilt eigen skiklubb! Det syns han er skikkelig kjekt og han vil at so mange barn som mogleg er med. Som medlem i Grebbe Skiklubb får du:

  • Eige Grebbe Skiklubb medlemskort
  • Gode tilbod på skiinstruksjon og skileige
  • Kul Grebbe buff
  • Ein gratis kakao
  • Informasjon om aktivitetar i anlegget

Du kan melde deg inn i klubben ved postkassen i Grebbesbakken (grindbygg eller Varmestovo) eller i Badnakrokjen (ved gapahauken).

Andre nyheter

  • Informasjon vedr. korona

    Voss Resort og Voss Gondol føl til ei kvar tid FHI sine retningslinjer. 

     

    Les meir her

  • Auker aldersgrensa på familiesesongkort/heilårskort

    Kjøper du familiesesongkort eller familieheilårskort, gjeld dette no alle barn under 20 år på same adresse.

    Les meir her

  • Nytt snøanlegg i Storslalåmløypa

    Eit samarbeid om utvikling av snøproduksjonsanlegget i Storslalåmløypa vil sikre nedre deler av Voss Resort tidleg snølegging.

    Les meir her