Hans Roger Rasch, anleggsleiar Backe Bergen Hans Roger Rasch, anleggsleiar Backe Bergen

Disse bygger stasjonene til ny gondol

Totalentreprenør Backe Bergen har fått det ærefulle oppdrag å byggja den nye gondolbanen på Voss. I alt har dei kontrakter for rundt 420 millionar på Voss dei to neste åra.

– Vi har allereie bygd det nye terminalbygget på jernbanen, og er no i full sving med å byggja den nye gondolbanen. Vi skal òg byggja det nye konferansehotellet som skal stå ferdig i 2020, seier Hans Roger Rasch, anleggsleiar i Backe Bergen. Han setter stor pris på at bedrifta har mykje arbeid i tida framover.
–  I desse tidene betyr det mykje å få ein så stor ordre. Det er veldig spennande!


300 bilar med betong

På Voss stasjon det det for augeblikket full anleggsverksemd med den nye gondolbanen som skal frakta folk til Hangurstoppen, eit prosjekt som omfattar ein to kilometer lang gondolbane og ein toppstasjon med restaurant som får plass til 450 gjester. Her kan ein eta og drikka godt mens ein nyt den fantastiske utsikta over Vangsvatnet og fjella som omkranser Voss.
Den nye gondolbanen vil frakta reisande frå 85 til 820 meter over havet på under sju minutt. Det vert totalt ni kabinar som skal gå på banen, og kapasiteten vert 1069 personar per time. Backe Bergen er valt som totalentreprenør, medan det er italienske Leitner Ropeways som skal levera sjølve gondolbanen med alle tekniske installasjonar frå nedre til øvre stasjon.
– Oppgåva vår er å byggja all konstruksjon som gondolen skal hengja på og innredningsarbeidet. Vi skal òg byggja restauranten på øvre stasjon, som ligg like ved der Expressheisen kjem opp frå Bavallen, seier Rasch.
I alt skal 300 bilar med betong køyrast til Hangurstoppen.
– Totalt vil det gå med 5040 tonn betong og 260 tonn armering, seier anleggsleiaren


Krevande HMS-arbeid

Hittil har alt gått etter planen, men nærleiken til jernbanen har skapt ein del utfordringar for arbeidet.
– Vi har dagleg persontrafikk som vi må ta omsyn til. I tillegg er det utfordrande å jobba så tett på jernbanesporet som er i full drift. Vi må blant anna ha eigne sikkerhetsvakter når vi heisar noko i nærleiken av jernbanen, og slikt krev ekstra planlegging, seier Rasch.


Viktig knutepunkt

Dei same utfordringane vil dei stå ovanfor når dei går i gang med å byggja det nye konferansehotellet ved Voss stasjon.
– Prosjektet er krevande på HMS-sida, men vi har eit godt planleggingssamarbeid med alle involverte partar. Statens Vegvesen skal òg leggja om vegar i området der konferansehotellet skal byggjast, slik at det vert trygt for alle partar, seier Rasch.
Det nye konferansehotellet vert på 12.000 kvadratmeter, får 216 rom og moderne konferansefasilitetar med plass til 350 personar. Det er Dark Arkitekter som har teikna hotellet som skal drivast av Scandic Hotels.

Eg trur den nye gondolen vil vera eit løft for Voss. Når hotellet kjem vert dette eit viktig knutepunkt med tog, bussterminal og gondol. Då er det berre å hoppa på toget i Bergen sentrum når du skal til fjells.

Hans Roger Rasch

Andre nyheter

  • Visuell Identitet - Voss Gondol og Voss Resort

    Voss Resort går frå å vera ein vinterdestinasjon til ein heilårsdestinasjon når Voss Gondol opnar. Sjå den nye visuelle identiteten til Voss Resort og Voss Gondol!

    Les meir her

  • Omvisning Voss Gondol

    11. april var Destinasjon Voss på omvisning på topp-og botnstasjon for Voss Gondol. Sjå korleis det såg ut då, tre månader før opning! 

    Les meir her

  • Nytt samlingspunkt på Voss

    Med eit fjell av aktivitetsmoglegheitar og Voss sin største restaurant, vonar med Hangurstoppen vert eit nytt samlingspunkt på Voss. 

    Les meir her