Asgeir Løno (regionbanksjef Sparebanken Vest), Jørund Rong (adm. banksjef Voss Sparebank) og Stig Gunnar Røthe (adm. banksjef Vekselbanken) Asgeir Løno (regionbanksjef Sparebanken Vest), Jørund Rong (adm. banksjef Voss Sparebank) og Stig Gunnar Røthe (adm. banksjef Vekselbanken)

Derfor engasjerer me oss i den nye gondolen - Bankene

Sparebanken Vest, Voss Sparebank og Vekselbanken er saman om lånefinansieringa til det største privatfinansierte prosjektet på Voss nokon gong. Dei er sikre på at den nye gondolen vil få stor betydning for bygda.

Lokal verdiskaping er fellesnemnaren for engasjementet som dei tre bankane har for den nye gondolbanen.

- Det er eit kommersielt interessant prosjekt, som vil gi eit løft for heile næringslivet. Først og fremst turismen, men me veit at bygg og anlegg også er veldig avhengig av turismen. Det vil dessutan dra med seg varehandel. Med prosjektet vil me endra forutsetningane for reiselivet på Voss, frå ein litt utdatert vinterdestinasjon til ein alpelandsby, med gondol rett frå hotellet og opp i bakken, seier i Asgeir Løno, regionbanksjef for Sparebanken Vest på Voss.

- Når det er store prosjekt som vil skapa store ringverknadar i lang tid framover er det naturleg at me er med på finansieringa, legg Jørund Rong, administrerande banksjef i Voss Sparebank til.


Erstatning for det gamle landemerket

Administrerande banksjef i Vekselbanken, Stig Gunnar Røthe, poengterer at det er viktig for bygda å få ei erstatning for det landemerket som Dinglo og Danglo var, som kan vera eit landemerke i lang tid framover.

- Voss har hatt utfordring med å finna det som kan utvikle sentrum vidare og trekka folk hit. Kjøpesentera utanfor sentrum drar mykje folk i forhold til handel, og gondolen vil vera ein viktig bidragsytar til at folk trekker tilbake til sentrum. Dessutan blir det nye knutepunktet med jernbane, buss og gondol sentral for utviklinga av Voss som ein interessant plass, både i forhold til ferie og jobb. Det blir ganske unikt for bygda å ha så mykje samla midt i smørøyet, sier Røthe.


Bankane satsar stort

Andelen i det finansielle samarbeidet gjenspeglar storleiken til bankane. Sparebanken Vest er inne med mest kapital og har byggelånet aleine. Voss Sparebank og Vekselbanken stiller med like mykje kapital i dei ulike fasene i prosjektet. Rong i Voss Sparebank fortel at dei kom inn på eit tidleg tidspunkt, før prosjektet var fullfinansiert.

- Det er alltid vanskeleg å komme i gang med grunnfinansieringa, og få ballen til å rulle. Nokon må ha trua på prosjektet og støtte opp med finansiering. Slik blir det også utløyst kapital hos andre. Som lokalbankar er engasjementet vårt viktig i slike prosjekt, seier han.

Vekselbanken fullfinansierte Hangursvegen Terrasse, leilighetsbygget som blei bygd på tomta til gamle Hangursbanen sin nedre stasjon, for å skaffe eigenkapital til den nye banen. Det er det største enkeltprosjektet banken nokon gong har vore med på.

- Me tok ein risiko, men alle leilighetene blei selde før bygget stod ferdig. Me forskuterte også fundamentet til nedre stasjon før totalfinansieringa var på plass, fortel Røthe i Vekselbanken.


Største privatfinansierte prosjektet på Voss

Med ei investering på 287 millioner er den nye banen det største privatfinansierte prosjektet på Voss nokonsinne, og tilsvarer to Vossabad eller tre kulturhus.

Dette er eit stort og krevjande prosjekt. Det er utruleg lærerikt for alle partar, både med tanke på omfang og kapasitet. Det er lenge sidan bankane på Voss har samarbeidt om eit prosjekt, og dette er absolutt ei samarbeidsform som kan bli aktuell på andre tunge og viktige prosjekt som gagnar bygda.

Asgeir Løno, Regionbanksjef i Sparebanken Vest

Andre nyheter

  • Gondolen blir viktig for heile regionen - Fylkesordføraren

    Å skapa spennande produkt for helårsturismen er kjempeviktig, og det er den nye gondolen eit godt eksempel på, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

    Les meir her

  • Nyheitssending frå Voss Resort 2018

    Sjå vår nyheitssending med nyheitene for 18/19-sesongen, samt siste status på gondolprosjektet.
    Berre Voss e Voss!

    Les meir her

  • Nye lysløyper og utvida kveldskøyringstilbod

    Etter stor suksess med kveldskøyring i fjor, utvider me tilbodet for 18/19-sesongen!
    No har me over 10 km med lysløyper!

    Les meir her