Illustrasjon nedre stasjon, med nytt hotell Illustrasjon nedre stasjon, med nytt hotell

Gondolen blir viktig for heile regionen - Fylkesordføraren

Å skapa spennande produkt for helårsturismen er kjempeviktig, og det er den nye gondolen eit godt eksempel på, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Hestetun har blant anna bakgrunn som regiondirektør for Bergensbanen og direktør i Fjord Line, og meiner at regionen treng eit stort spekter av reiselivsprodukt og at vi heile tida må fornye oss slik at vi kan gje turistane interessante opplevingar.

Voss er midt i smørauget

Reiselivet er ei viktig næring i vår region, og Voss er sentral i denne samanhengen.
- Voss har utvikla seg betydeleg som destinasjon dei siste åra, og vil også gjera det framover med gondolen og alt som skapast rundt den. Bygda tilbyr eit stort mangfald både sommar og vinter i kraft av natur- og kulturopplevingar med blant anna ekstremsport, festivalar, vindtunnel og skianlegg.

Fylkesordføraren meiner at den nye gondolen også er viktig som ein del av destinasjonsutviklinga langs Bergensbanen.

Spennande tilbod betyr at turistane kan utvide med fleire døgn når dei besøker regionen vår. Geografisk sett ligg Voss midt i smørauget, og det er kort avstand frå fjell til fjord, frå gardsturisme til padling.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun

Berømmer satsinga

Satsinga på Voss er viktig for næringsutviklinga generelt og for reiselivet spesielt, og vil skapa mange nye arbeidsplassar.
- Eg håpar og trur at Voss vil lukkast med satsinga. Det blir eit viktig supplement til reiselivsnæringa i regionen.
Eg berømmer dei som har turt, både å ha kreative idear og å investere, seier Hestetun, som trur vi vil sjå att gondol-satsinga på mange områder.

Hestetun meiner gondolen og alt som blir bygd opp rundt den er like relevant for nabokommunane som for tilreisande turistar.
- Avstandane er relativt korte i regionen vår, og dette er noko som kjem mange til gode.


Miljø må i forsetet

Gondolens nedre stasjon vil ligge på Voss stasjon, med lett tilgang frå tog og buss. Dette gjer det naturleg og lettvint å tenka miljøvennleg og velga kollektivtransport når ein skal til fjells. Hestetun trur fokuset på miljø blir viktigare i utviklinga av tilbod for reiselivet framover.
- Eg trur at dei som brukar denne typen opplevelsesprodukt også er opptatte av gode klimaløysingar.
Å sette det i forsetet vil nok være avgjerande for dei som lykkast, avsluttar ho.  

Andre nyheter

  • Visuell Identitet - Voss Gondol og Voss Resort

    Voss Resort går frå å vera ein vinterdestinasjon til ein heilårsdestinasjon når Voss Gondol opnar. Sjå den nye visuelle identiteten til Voss Resort og Voss Gondol!

    Les meir her

  • Omvisning Voss Gondol

    11. april var Destinasjon Voss på omvisning på topp-og botnstasjon for Voss Gondol. Sjå korleis det såg ut då, tre månader før opning! 

    Les meir her

  • Nytt samlingspunkt på Voss

    Med eit fjell av aktivitetsmoglegheitar og Voss sin største restaurant, vonar med Hangurstoppen vert eit nytt samlingspunkt på Voss. 

    Les meir her