Ordførar Hans-Erik Ringkjøb Ordførar Hans-Erik Ringkjøb

Gondolbanen vil definera Voss - Ordfører Ringkjøb

Reiseliv er vårt viktigaste bein å stå på, og motoren i all utviklinga på Voss. Då må vi vera i front, seier ordførar i Voss Kommune Hans-Erik Ringkjøb.

Ringkjøb fortel at det har vore optimisme på Voss lenge, og at den no er kommen til sentrum.

– Vi har eit utruleg flott sentrum, som både er naturskjønt og urbant, og det blir styrka med dei nye prosjekta med nytt terminalbygg, hotell og bane. Det er viktig for oss med eit levande sentrum, og å ha attraksjonar her er heilt avgjerande, både for turistar og dei lokale.


Gjer fjellet meir tilgjengeleg

Voss er eit tradisjonsrikt reisemål som har utvikla seg mykje i forhold til aktivitetstilbod, men lite på infrastruktur.

Den nye banen kjem til å definere Voss på same måte som Dinglo og Danglo. Den fortel noko om plassen ein er kommen til. Den er tilgjengeleg og direkte, noko som gjer at fleire vil kunne oppleva fjellet.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb

I ein kommune som består av 90 % fjell trur ordføraren at den nye banen og opplevinga av å vere på Noregs tak er noko turistane kjem til å hugse etter å ha besøkt bygda. Han legg samstundes vekt på at alle aktivitetane på Voss ikkje berre er til glede for turistane, dei er også eit gode for dei lokale.

– Dette er bonusen når ein bur i ei reiselivsbygd. Dei unike mogelegheitene vi har gjer det kjekkare å bu her.


Reiseliv er vårt viktigaste bein

Ringkjøb fortel at Voss som andre mindre plassar har stått i fare for å få eit kjedeleg sentrum, og det har vore viktig å få på plass nye aktivitetar og attraksjonar i sentrum. Samstundes har den nye banen vore ei krevjande sak som påverkar mange som får traséen over der dei bur.

– Det har vore eit stort politisk fleirtal for gjennomføring, mykje basert på erfaringane med den gamle gondolen som var veldig kjær for vossingane. Den nye banen vil gi mange moglegheiter og nye arbeidsplassar. Men det har ikkje vore ei enkel sak sidan mange blir direkte påverka av tiltaket. For meg har det vore mogleg både å ha sympati og forståing for dei som får ulemper, men eg har samtidig landa på at ny gondol er det rette for Voss. No når gondolen kjem er mitt håp at det løyser seg, og at berørte og den nye banen kan leva side om side.


Må tenka stort

Då Myrkdalen satsa tidleg på 2000-talet hadde ikkje ordføraren heilt tru på at det skulle bli noko av. Han gjer ikkje same feilen igjen.

– Det handlar om å tørre å tenke stort. Vi treng fornying og nyskaping. Og vi treng større kapasitet på overnatting, noko som er heilt i tråd med reiselivsplanen vår. Mange lurer nok på korleis det skal gå bra med eit nytt hotell når vi har ledige senger i dag. Då er det berre å vise til suksessen med Myrkdalen og Voss Resort, seier han.

Det var litt under 100 000 skigjestar på Voss i året då Myrkdalen etablerte seg, og no er talet oppe i 270 000. Begge områda har hatt vekst, og med det har heile Voss fått eit løft. Håpet er å få til det same igjen, at hotella i lag løftar seg, og at satsinga skal drype på alle.


Stor investering på vesle Voss

Knutepunktsprosjektet med nytt hotell, terminalbygg og bane utgjer ei total investering på kring halvannan milliard, noko som er heilt unikt for ei bygd med 14 500 innbyggarar.

– Våre samarbeidspartnarar har alltid vore positive, og ønska å få til noko. Når folk satsar så mykje har dei tru på det dei held på med. Det er framtidshåp på Voss og i indre Hordaland, konkluderer ordføraren.

 

Andre nyheter

  • Nyheitssending frå Voss Resort

    Sjå vår nyheitssending med nyheitene for 18/19-sesongen, samt status på gondolprosjektet.

    Les meir her

  • Nye lysløyper og utvida kveldskøyringstilbod

    Etter stor suksess med kveldskøyring i fjor, utvider me tilbodet for 18/19-sesongen!
    No har me over 10 km med lysløyper!

    Les meir her

  • Storastovo på Slettafjellet vert pussa opp

    Storastovo på Slettafjellet får ein real oppussing for sesongen 18/19!

    Les meir her