Vossamoro – aktivitetar for grupper og lag
Vossamoro AS har base i Voss Resort og arrangerer ein mengde aktivitetar for både små og store grupper, sommar som vinter!
Vossamoro tilbyr morosame aktivitetar i flott natur med ekta kultur, fart og spenning og har meir enn 12 års erfaring med planlegging og tilrettelegging av både sommar- og vinteraktivitetar.
Vossamoro har eit breitt utval aktivitetar for små og store grupper, anten det er firma og bedrifter, lag og organisasjonar, utdrikningslag eller barn og ungdom.
Tilbakemelding frå ein av Vossamoro sine gjester:
“Takk for ein kjempe morro ettermiddag forrige lørdag! Syns det var skikkeleg kjekt, og det gjorde resten av gjengen også. Brura syns det var ein fantastisk dag, og likte spesielt godt aktivitetane me hadde med deg! :)”
Aktivitetar
Det vert arrangert varierte aktivitetar som passar for ALLE, uansett alder. Aktivitetane vert avslutta med oppsummering av resultata og premiering av det beste laget. Eksempler på aktivitetar er:
- Meistermøte
Lagkonkurranse der ein konkurrerer mot kvarandre i 7 spenande øvingar; til døme øksekasting, langski, stafett med “opp-ned” briller og vardebygging. Passer for alle. - Vossaduell
Her er stikkort samarbeid, balanse og presisjon. Lagkonkurranse der ein konkurrerer mot kverandre i 7 ulike øvingar; til døme SUP (ståande brettpadling), tautrekning, stafett med “opp-ned” briller og kanopadling. Passer for dei som ynskjer litt ekstra utfordring. - Boblefotball
Ein morosam og ufarleg måte å spille fotball på! Lagkonkurranse der ein får tildelt ei “boble” som ein trer på seg for deretter å spela fotballkamp. - Lagbygging
Stikkord er samarbeid, strategi, kommunikasjon og praktisk engasjement. Her skal kvart lag løysa 5 ulike praktiske/teoretiske oppgåver. - Amazing Race på Vossavis
Spanande aktivitet som passer for alle, uansett alder! Her skal gruppa løyse ulike praktise/teoretiske oppgåver. De får utdelt eit kart med oppgåver og leietrådar som skal hjelpa dykk til å finne dei ulike postane. Her vert du kjend med Vossingane, Vossamålet og Vossa-kulturen. - Guida rundtur med kultur
Flott rundtur frå Vangen (sentrum) via Mølstertunet (inkl. guida tur), Store Ringheim og ned igjen til Vangen. Passer for alle. - SUP (stand-up-paddle)
Morosam aktivitet som passer alle! Her får du trent heile kroppen. Vossamoro arrangerer og kurs i SUP for nybegynnerer. - Aking
5,2 kilometer aking på Snowracer etter skianleggets stengetid. Ein fantastisk flott tur som passar for alle som vil oppleva den vakre fjellheimen, fart og spenning.
Vossamoro kan og hjelpa dykk med alt frå overnatting, servering til transport og underhaldning.
Hovudbase – Bavallen
Vossamoro har hovudbasen i Bavallen rett ved Bavallstunet og Voss Resort sitt skianlegg. Om summaren arrangerest aktivitetane i det flotte området rundt Bavallstunet og om vinteren nyttast skiløypene og området rundt skianlegget. Her kan ein leiga hytter i ulike storleikar og Bavallstunet serverar varme rettar og forfriskingar på bestilling.
Meir informasjon og booking
For meir informasjon, ta kontakt med Vossamoro på:
Telefon: (+47) 959 82 065
E-post: gunvor@vossresort.no
Nettside: www.vossamoro.no