Selskap, grupper og bedrifter i Voss Resort
Bli inspirert av naturen rundt dykk, sommar som vinter!
Legg bedriftsseminar, møte, kurs eller event-/kick off-arrangement eller selskap til Voss Resort. Her kan du koma på dagsbesøk, eller vel å overnatta i våre flotte hytter/leilegheiter.
Firma og bedrifter
Me skreddarsyr arrangement for både små og store grupper. Kombinèr gjerne fag med sosiale aktivitetar og gode måltid i naturskjøne omgjevnader. Me kan hjelpa dykk med alt frå booking av aktivitetar, transport, møtelokale, til mat og gode senger!
Møtelokale
Me har møtelokale både på Hangurstoppen og Bavallstunet.
På Hangurstoppen har me møterom til omtrent 50 personar, i nye og moderne lokaler. Her tilbyr me eigne konferansepakker, med servering, gondolbillett og møterom.
Møteromet på Bavallstunet har kapasitet til:
- 50 personar i klassreomoppsett utan bord
- 40 personar i klasseromoppsett med bord
- 30 personar i hesteskooppsett med bord
Aktivitetar
På Voss finn ein eit mangfald av aktivitetar både sommar og vinter. Her finn du mellom anna skisenter, rafting, vindtunnel, klatrepark, golf, tandem fallskjerm, tandem paragliding og mykje meir! Me hjelp deg gjerne med å booke dei aktiviteter di bedrift ynskjer. Me og og tett samarbeid med bedrifta “Vossamoro”, som har meir enn 12 års erfaring med planlegging og tilrettelegging av sommar og vinter aktivitetar for bedrifter, lag og foreningar, born og ungdom og utdrikningslag.
Selskapslokale
Voss Resort Bavallstunet og Hangurstoppen Restaurant er tilgjengelige for selskaper av alle slag. Her kan ein arrangera møter og seminar, avslutningar, dåp, konfirmasjon, bryllupsfester, åremålsdagar og jubileum, samt minnestund.
Sjå meir om våre selskapslokale.
Kontakt oss
Kontakt oss gjerne dersom du ynskjer meir informasjon eller hjelp til å booke inn ditt arrangement hjå oss.
Telefon: 4700 4700
E-post: post@vossresort.no
Ynskjer du å booke møterom på Hangurstoppen? Kontakt oss på post@vossgondol.no.