Aktivitetar

#paovoss

26/06/2021 > 27/06/2021

Trolljeger 2021

Trolljegerprøven er Noregs råaste hinderløp og i juni kjem dei til Voss Resort!


Me gler oss til endelig å fortelje at Trolljegerprøven kjem til oss på Voss!

Å vera ein Trolljeger handler om å pushe sine eigne grenser, om å utvide komfortsonen og gjere det du aldri før hadde trudd var mogleg.  Fokuset er samarbeid og meistring, som også hjelper deg til å bli eit betre menneske både mentalt og fysisk, og som gjer deg klar for å sjå mogleiker der andre ser hindingar. I år er dette fokuset endå meir aktuelt grunna Covid- 19, med alle sine begrensingar. Alle arrangement i regi av Trolljeger har gått gjennom nøye risikoanalysar, og dei har gjort alle grep for å hindre og begrense smittespreiing.

Helga før Ekstremsportveko, 26. og 27.juni blir det arrangert Trolljegerprøve med utgangspunkt frå Hangurstoppen som ligg 820 moh.

Trolljegerprøven er ei brutal og krevjande hinder- rundløype på cirka 10 km med omlag 30- 40 hinder. Det er som regel ein kupert og kjekk løypeprofil. Løypa går mellom bakkar og berg, over bekkar og vatn, gjennom myr og skog, og rå norsk natur. Menneskeskapte hinder samt naturlege utfordringar skal saman med landskapet lage rammene rundt løpet.

Trasèen blir ca 10 km lang på Trolljegerprøven senior og ca 4 km for junior.
Det blir ein prøvelse som kan mestrast av dei aller aller fleste. For det er det som er poenget med Trolljegerprøvene. Å utfordre - å klare - Å MESTRE! Arrangementet passer difor for alle. 


Einstøing eller jaktlag?
Du kan delta på løpet anten åleine som Einstøing eller ilag med andre som eit Jaktlag. Einstøing - klassen handler om at du klarer å ta vare på deg sjølv under tøffe forhold. Hindera undervegs tek du med fatning og lar deg ikkje stoppe. Som eit Jaktlag gjeld mottoet «saman er me sterkast»! Her gjeld det å kome seg gjennom hinderløypa i godt samarbeid ilag med 2 - 7 andre deltakarar på same jaktlag.

Påmelding og meir informasjon


Saman med Trollljeger gler oss til å møte dekan på Trolljegerprøven Voss i juni, dog litt på avstand.


Filmen under er henta frå arrangmentet på Fløyen i 2018.
Bileta i galleriet er tekne av Stavanger fotoklubb påTrolljegerprøven Fløyen i 2018.

 


 

Andre arrangement

  • 26. Desember - 28. Desember, kl 13.30- 15.30

    Hanguren Hangout jule- jibbekurs

    Er du mellom 11-15 år? Har du lyst til å læra deg nye triks og skills i parken? Bli med på jibbekurs i juleferien

    Les meir »
  • 27. Desember - 30. Desember, 12:30- 14:00

    Hanguren Hangout snowboard kurs

    Er du mellom 11-15 år? Har du lyst til å læra deg å stå på snowboard? Bli med på kurs i juleferien!

    Les meir »
  • 19. Desember - 03. April, Laurdagar kl 11.00- 13.00

    Hanguren Hangout 11- 15 år

    Er du mellom 11-15 år? Har du lyst til å bli kjent med nye skivener? Bli med på Hanguren Hangout, ei sosial gruppe som står på ski ilag kvar helg.

    Les meir »
  • 23. Desember - 31. Desember

    Juleprogram 2020

    Bli med på julerebus, alpin- og snowboardkurs, julekos, aking og mykje meir moro i jula!

    Les meir »
  • 26. Desember - 31. Desember, 10:00 - 14:00

    Grebbe Skiklubb juleferie kurs 2020

    Voss Resort Skiskule inviterer til alpin- og snowboardkurs for born i romjula.

    Les meir »
  • 27. Desember, kl 11.00- 12.40

    Carvingkurs i juleferien

    Har du lyst til å bli ein betre skikøyrar? Skigleda blir garantert større om ein kan køyre gode carvingsvingar og nytte skia sine eigenskapar, dei svingar nesten av seg sjølve.

    Les meir »
  • 16. Januar - 17. Januar, 10:00 - 15:30

    Skidemo med Endeve

    Skidemo med Endeve på Slettafjellet!

    Les meir »
  • 13. Mars, 10:00 - 21:00

    Kjerringdagen

    Bli med på kjerringdag i Voss Resort 13. mars! Lavterskel-aktivitet for damene, med flotte premiar!

    Les meir »
  • 20. Mars, 07:00 - 21:00

    Bavallen Grand Prix - FULLTEIKNA

    Årets happening for mange og det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid. Arrangementet er no fullteikna.

    Les meir »