Aktivitetar

#paovoss

25/01/2020 > 12/04/2020, laurdagar og søndagar kl 11.00- 13.00

Hanguren Hangout - UTGÅR UT MARS

Er du mellom 10-15 år? Glad i å vera på ski? Har du lyst til å bli kjent med nye skivener? Bli med på Hanguren Hangout, ei sosial gruppe som står på ski kvar helg.

Hanguren Hangout kvar laurdag og søndag fram til og med påske frå kl 11-13. Nokre ekstra dagar i vinterferien og påskeferien. Sjå Facebookeventa. Oppmøte og avslutning utanfor Skiskulen på Hangurstoppen. I tillegg til det kome eigne pop-up event (med eiga påmelding) eksempelvis om skivett og førstehelpskurs i praksis.


Pris:

Kr 100,- per gong, eller kr 1100,- for heile sesongen (til og med påsken). Påmelding innan dagen før kl 18.00. (Heiskort er ikkje inkludert i prisen).


Påmelding:

Namn på bornet, alder og kontaktinformasjon til føresette, på e-post til; skishop@vossresort.no eller ved drop-in.


Krav til skiferdighet: 

Ungdomane må kunne ta heisen åleine og ferdast i blå løyper. Merk at dette ikkje er eit skikurs, men ei sosial gruppe kor målet er å ha det kjekt på ski ilag. Hjelm er påbudt, og me oppmoder om å nytta ryggskinne dersom ein har dette. 


Instruktør:

Rasmus Normann Larsen jobber som skiinstruktør og i skipatruljen i Voss Resort. Han er ein erfaren skiinstruktør og guide som har erfaring med denne type konsept. Voss Resort Skiskule/Skileige stiller med to instruktørar per gong og deler gruppa ved behov. Rasmus har hovudansvaret for gruppa. Instruktør to vil rullere.


Spørsmål? Kontakt Guro Øvsthus på e-post; guro@vossresort.no   

Andre arrangement