30/01/2021 > 31/01/2021, kl 11.00- 13.00
Hanguren Hangout jibbekurs
Er du mellom 11-15 år? Har du lyst til å læra deg nye triks og skills i parken? Bli med på jibbekurs helga 30.- 31.januar
Gjennom 2 kursdagar, frå laurdag 30.- og søndag 31.januar 2021 får du god innføring jibbing.
Her blir det leik og moro på rails, ulike triks på hoppa og elles i parken. Kurset vert tilpassa kvar enkelt deltakar, men alle må kunne stå på ski og ta heisen på eiga hand. Borna kan nytte alpinski eller snowboard. Skriv i e-posten kva dei skal nytte.
Pris: 800 kr per kurs per born (for 2 dagar). 120 minutt per dag.
Oppmøte: Utanfor Skiskulen på Hangurstoppen kvar kursdag kl 11.00. Alle må vera klare på skia kl 11.00
Utstyr: Alle deltakarane MÅ ha hjelm. Me oppmoder sterkt også til å nytte ryggskinne og twintip ski eller snowboard.
Påmelding per e-post til: skishop@vossresort.no , skriv bornets namn, alder og kontaktinformasjon til føresette.
Maks 8.plassar. Fyrstemann til mølla.
Spørsmål om kurset? Kontakt Skiskulen på e-post: skishop@vossresort.no.
Voss Resort Skiskule tek smittevern på alvor. Maks antall deltakarar per gruppe er 8 personar. Skiinstrukøren går gjennom gjeldande reglar og smittevern før kvar økt. Me fylgjer til ei kvar tids gjeldande smittevern reglar frå myndighetene og FHI. Les meir her
*Heiskort er ikkje inkludert i kursprisen. Skiskulen har skiutstyr til utleige dersom borna ikkje har eige utstyr. Me oppmodar om å ta med eigen hjelm!
Kontakt Skiskulen dersom de treng leige ski eller hjelm; skishop@vossresort.no