Aktivitetar

#paovoss

25/01/2019 > 27/01/2019

Grunnleggjande skredkurs

Tindeguide inviterer til 2,5 dagers grunnleggende skredkurs for frikjøring og topptur.

Kurset startar med skredkveld fredagen i Tindeguide sitt nye guidekontor på Kunsten (Gjernesvegen 81). 
Laurdag og sundag foregår til fjells med praktisk læring og fokus på enkle metodar som kan gjera toppturen eller frikøyringa tryggare. 

Kurset har fokus på å finne dei gode turane og den beste snøen i området.


Du lærer: 

  • å bruka det regionale i snøskredvarselet
  • om korleis vêr og vind skapar skredfare
  • turplanlegging for å finna dei beste turane
  • kvar det kan gå snøskred, og ikkje
  • fareteikn i snøen
  • korleis ein ved enkle ferdselsrutinar kan redusera risikoen vesentleg
  • effektiv kameratredning på den nye mobile skredsøkerbana frå Girsberger
  • kunsten å finna god snø


Om skredkurs med Tindeguide:

Tindeguide AS har strenge krav til kursholders utdanning, og på deira kurs brukes kun internasjonalt godkjente Tindevegledere, Tindevegledere under utdanning eller håndplukka NF skredinstruktørar. Tindeguide AS er godkjent som arrangør på nivå 2 (høgaste) i Norsk Fjellsportforum (NF), og er kvalifisert til å arrangera instruktørkurs.


Påmelding:

Klikk her for meir informasjon om kurset og billettar.

Andre arrangement

  • 09. November, 18:00 - 02:00

    Freestyleklubbens Smalahovefest

    Alle Smalahovefestars mor er tilbake! Velkomen til Freestyleklubbens legendariske Smalahovefest; i år på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir »
  • 31. Desember - 01. Januar, 17.30 - 02.00

    Nyttårsfeiring på Hangurstoppen

    Velkomen til nyttårsfeiring på Hangurstoppen! Bli med på 4-rettars middag med vinpakke, fest eller begge deler!

    Les meir »
  • 07. Mars, 09:30 - 21:00

    Kjerringdagen

    Bli med på kjerringdag i Voss Resort 7. mars!

    Les meir »
  • 28. Mars, 07:00 - 21:00

    Bavallen Grand Prix

    Årets happening for mange og det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid.

    Les meir »