Aktivitetar

#paovoss

11/03/2017, 09:30 - 16:00

Skiline-konkurranse: "Høgdemeterslukaren"

Kven kan køyra mest høgdemeter denne laurdagen?

I denne konkurransen er det om å gjera å køyra flest høgdemeter på ski/snowboard! Klarer du meir enn venen din eller hyttenaboen? 

Kva gjer eg for å vera med? 
For å vera med i konkurransen må du først registrera keycardet ditt på skiline.cc. 
Etterpå er det berre å stå på ski so mykje du orker laurdag 11. mars. 
Når du er ferdig for dagen reiser du innom Storastovo på Slettafjellet og printer ut skirapporten din på maskina som står her inne. 
Rapporten leverer du inn i resepsjonen på Bavallstunet innan kl. 15:30.

Kven vinn? 
Den som har køyrd flest høgdemeter på ski denne dagen og har levert inn rapporten sin på Bavallstunet innan kl. 15:30, vinn. 
Det vert ein premie til både “beste” vaksen og ein til “beste” barn. 
Premieutdeling i SkiBarBula på Bavallstunet kl. 16.00!

Kjekke premiar! :)

Andre arrangement

  • 14. Januar - 23. April, Kvar helg og i feriar

    Skirenn for dei minste

    Skirenn for dei minste

    Les meir »
  • 20. Januar - 22. April, Kvar fredag og laurdag

    Afterski på SkiBarBula

    Afterski på Bavallstunet kvar fredag og lørdag frå kl.15. Quiz anna kvar fredag fram til og med 17. mars.

    Les meir »
  • 18. Februar - 26. Februar

    Vinterferieprogram veke 8

    Me har mange kjekke aktivitetar for store og små i veke 8. Alvin og gjengen kjem på besøk i Badnakrokjen lørdag 25.feb.

    Les meir »
  • 25. Februar - 26. Februar, 09:30 - 16:00

    Familiehelg i Voss Resort

    Denne helga vert det mykje moro for heile familien! Me inviterer til familiehelg i samarbeid med G-sport og Alvin og Gjengen!

    Les meir »
  • 27. Februar - 05. Mars

    Vinterferieprogram, veke 9

    Me har fullt program med mange kjekke aktiviteter gjennom heile vinterferien i veke 9!

    Les meir »
  • 04. Mars

    Session Park Jam

    Session Park Jam og demostand på Slettafjellet!

    Les meir »
  • 04. Mars, 12:00 - 14:00

    Trolldag

    Bli med på trolldag i Badnakrokjen!

    Les meir »
  • 18. Mars, 10.00 - 14.00

    Skidemo Åsnes

    Skidemo med Åsnes på Slettafjellet.

    Les meir »
  • 18. Mars, 09:30 - 21:00

    Jentedag

    Me inviterer til jentedag i Voss Resort!

    Les meir »
  • 18. Mars, 12:00 - 15:00

    Vossa Challenge

    For jenter som likar å leika. 7 kjekke aktivitetar, passer for alle nivå. Stikkord her er balanse, leik, fart og litt flaks. Flotte premiar.

    Les meir »
  • 25. Mars

    Bavallen Grand Prix

    Årets happening for mange! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid.

    Les meir »
  • 08. April

    Påskeutfor

    Skirenn i regi av Ekstremsportveko og Voss Resort. Passer for heile familien!

    Les meir »
  • 11. April

    Voss Freeride - Norgescup i frikøyring

    Tirsdag 11. april vert det norgescup i frikøyring i Voss Resort!

    Les meir »
  • 15. April

    Session Invitational

    God stemning og mykje moro på Horgaletten påskeaftan!

    Les meir »
  • 22. April

    Sesongavslutning med Turbostipend

    Bli med på ein heidundrande sesongavslutning der kvelden ender med konsert med sjølvaste Turbostipend!

    Les meir »