Aktivitetar

#paovoss

04/01/2020 > 18/04/2020, 15:00

Afterski i Voss Resort

Afterski høyrer med etter ein dag i bakken! Me har afterski med DJ kvar laurdag frå kl. 15. I tillegg er baren open fredagar når det er kveldskøyring.

Gode lysforhold uansett korleis du ligg ann i løypo! Ski in-dance out. 


Fredagar: 

Baren er open på Storastovo og Hangurstoppen Restaurant under kveldskøyring fredagar. Storastovo stenger når kveldskøyringa er slutt, medan baren på Hangurstoppen Restaurant er open til kl. 22:30. Siste gondolbane ned er kl. 23:00 (siste opp kl. 22). 

Me har live musikk på Hangurstoppen fredag 24. januar (Bungalow Bill) og fredag 14. februar (The Need).


Laurdagar:

Afterski med DJ på Hangurstoppen Restaurant kvar laurdag frå kl. 15*. Baren vår har alle rettigheiter og stenger kl. 20.30. 
Me har matservering med utvalde rettar på menyen fram til kl. 19:30 (mellom anna Hang-burger). Gondolen frakter deg trygt ned igjen til Voss sentrum og siste bane ned er kl. 21.00.

20 års aldersgrense.

* NB!!
Laurdag 22. februar er afterski flytta til Bavallstunet grunna vind på fjellet. 
Laurdag 21. mars vert det Bavallen og Bula Beanie Boogie afterski på Tråstølen (i storgarasjen). Ingen afterski på Hangurstoppen denne dagen. 



Afterskibillett, laurdagar:

Vil du opp på afterski laurdagar men har ikkje skibillett? Laurdagar ka ndu nytte vår eigen afterskibillett. Billetten gjeld for ein tur opp mellom kl. 15 – 18 og ein tur ned mellom kl. 15 – 21. Pris kr. 100,-. 20 års aldersgrense. 

Kjøp billetten her

Billetten får du og kjøpt i billettluka på nedre stasjon (v/Voss Turistinformasjon), evt. hjå gondolvert dersom billettluka er stengt. 

Ski-dagskort er gyldige til kl. 16 på nedre stasjon og kl. 21 på øvre stasjon. Skal du opp med bana etter kl. 16 må du kjøpa deg afterskibillett.

Sesongkort er gyldige so lenge gondolbana er open og du treng ingen ekstra afterskibillett.

Andre arrangement

  • 24. Februar - 01. Mars

    Vinterferieprogram, veke 9

    Kom til Voss i vinterferien og bli med på jibbekurs, karnevalskirenn, Slettafjellet Open, afterski, familieaking og mykje meir! Me avslutter vinterferien med Sonic Winterfantasy!

    Les meir »
  • 28. Februar - 29. Februar

    Winter Fantasy

    Ta med familien og opplev Winter Fantasty! Bli med på Sonic Snow Session og barneskirenn, familieaktivitet med Stiga, møt Lego City brannmann og mykje meir!

    Les meir »
  • 25. Januar - 12. April, laurdagar og søndagar kl 11.00- 13.00

    Hanguren Hangout

    Er du mellom 10-15 år? Glad i å vera på ski? Har du lyst til å bli kjent med nye skivener? Bli med på Hanguren Hangout, ei sosial gruppe som står på ski kvar helg.

    Les meir »
  • 29. Februar, 11.30

    Voss ResortXSession CornerJam

    Endelig klart for årets fyrste event! Me kjører i gang med CornerJam Lørdag 29.02 med oppmøte 11:30 på Slettafjellet:)

    Les meir »
  • 07. Mars, 10:00 - 21:00

    Kjerringdagen

    Bli med på kjerringdag i Voss Resort 7. mars! Lavterskel-aktivitet for damene, med flotte premiar!

    Les meir »
  • 21. Mars, 09:30 - 23:00

    Bavallen og Bula Beanie Boogie - garasjefest

    Me gjentar suksessen! Bli med på skidagen som ender med ein heidundrande garasjefest i storgarasjen på Tråstølen. I år slår me det saman med Bula Beanie Boogie party!

    Les meir »
  • 28. Mars, 07:00 - 21:00

    Bavallen Grand Prix - FULLTEIKNA

    Årets happening for mange og det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid. Arrangementet er no fullteikna.

    Les meir »
  • 04. April - 13. April

    Påskeprogram

    Kjekke aktivitetar kvar dag!

    Les meir »