Aktivitetar

#paovoss

23/12/2020 > 31/12/2020

Juleprogram 2020

Bli med på julerebus, alpin- og snowboardkurs, julekos, aking og mykje meir moro i jula!

Voss Resort  tek smittevern på alvor. Me fylgjer til ei kvar tids gjeldande smittevern reglar frå myndighetene og FHI. Les meir her


Aktivitetar i jula


Kvar dag frå 23. desember til og med 3. januar:

Grebbe julerebus i Familieløypa og i langrennsløypa på Hangurstoppen.
Informasjonsflyer får du på Hangurstoppen (øvre stasjon Voss Gondol) og i Varmestova i Bavallen.
 

23. desember

Kl 13.00: Nisserenn og Grebbe graut i Badnakrokjen. 
Velkomen til nisserenn og julestemning i Badnakrokjen. Påmelding frå kl 12.30. Ta gjerne nissehua med til premieutdelinga. Premieutdeling og Grebbegraut like etter rennet.
 

26. desember

Grebbe skiklubb juleferiekurs i alpint- og snowboard. Meir info her
Kl 11 – 13: Hanguren Hangout 11-15 år.  Les meir her
Kl 13.30 – 15.30: Hanguren Hangout jibbekurs. Les meir her
 

27. desember

Kl 13.00: Carvingkurs for vaksne (16år +)
Skigleda blir garantert større om ein kan køyre gode carvingsvingar og nytte skia sine eigenskapar, dei svingar nesten av seg sjølve. Mange køyrer på ski slik dei alltid har gjort sjølv om utstyret gjerne har blitt byta ut dei seinare åra. Ved å læra seg betre teknikk auker skigleda- garantert!

Kvar deltakar får individuelle tilbakemeldingar og råd om korleis du kan bli ein betre skiløpar.  Meir informasjon og påmelding her

Kl 17.00: Fakkeltog og aking i Grebbesbakken i Bavallen. 
Oppmøte og sal av faklar (kr 20) utanfor Bavallstunet frå kl 16.30. Avmarsj kl 17.00.  Bålpanne kos og aking i Grebbesbakken fram til kl 19.00. 

Påmelding via e-post: skishop@vossresort.no. Skriv namn og antall deltakarar, samt kontaktinformasjon til føresette.
 

30. desember

Kl 15.00: Familieaking med Vossamoro 
Bli med på ein knallkjekk aketur frå Hangurstoppen! Løypa er ca 5 km og går frå Hangurstoppen til Bavallen.

  • Aldersgrense 10 år, i fylgje med vaksen.
  • Pris: kr 250,- per person om du ikkje har heiskort / kr 200,- om du har heiskort.
  • Betaling ved oppmøte.
  • Ta med hjelm, briller og vintersko.
  • Oppmøte ved skiskulen i Bavallen kl. 15.00. Me startar etter stengetid i anlegget. 

Max 20 plassar. Fyrstemann til mølla. Påmelding innan 26. desember  kl. 14:00 på sms til 959 82 065. Skriv namn på deltakarar og alder. Ved stor pågang set me opp fleire datoar. 
 

Opningstider i jula

Skianlegget har vanlege opningstider heile jula frå kl 09.30 – 15.30, med unntak av julaftan kl 09.30 – 14.00 og 1. juledag kl 11.00 – 15.30. Kveldskøyring tirsdag 29.desember kl.15.30 - 20.00.

Sjå våre opningstider

 

 

Andre arrangement

  • 26. Desember - 28. Desember, kl 13.30- 15.30

    Hanguren Hangout jule- jibbekurs

    Er du mellom 11-15 år? Har du lyst til å læra deg nye triks og skills i parken? Bli med på jibbekurs i juleferien

    Les meir »
  • 27. Desember - 30. Desember, 12:30- 14:00

    Hanguren Hangout snowboard kurs

    Er du mellom 11-15 år? Har du lyst til å læra deg å stå på snowboard? Bli med på kurs i juleferien!

    Les meir »
  • 19. Desember - 03. April, Laurdagar kl 11.00- 13.00

    Hanguren Hangout 11- 15 år

    Er du mellom 11-15 år? Har du lyst til å bli kjent med nye skivener? Bli med på Hanguren Hangout, ei sosial gruppe som står på ski ilag kvar helg.

    Les meir »
  • 26. Desember - 31. Desember, 10:00 - 14:00

    Grebbe Skiklubb juleferie kurs 2020

    Voss Resort Skiskule inviterer til alpin- og snowboardkurs for born i romjula.

    Les meir »
  • 27. Desember, kl 11.00- 12.40

    Carvingkurs i juleferien

    Har du lyst til å bli ein betre skikøyrar? Skigleda blir garantert større om ein kan køyre gode carvingsvingar og nytte skia sine eigenskapar, dei svingar nesten av seg sjølve.

    Les meir »
  • 16. Januar - 17. Januar, 10:00 - 15:30

    Skidemo med Endeve

    Skidemo med Endeve på Slettafjellet!

    Les meir »
  • 13. Mars, 10:00 - 21:00

    Kjerringdagen

    Bli med på kjerringdag i Voss Resort 13. mars! Lavterskel-aktivitet for damene, med flotte premiar!

    Les meir »
  • 20. Mars, 07:00 - 21:00

    Bavallen Grand Prix - FULLTEIKNA

    Årets happening for mange og det desidert mest populære arrangementet i Voss Resort! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid. Arrangementet er no fullteikna.

    Les meir »
  • 26. Juni - 27. Juni

    Trolljeger 2021

    Trolljegerprøven er Noregs råaste hinderløp og i juni kjem dei til Voss Resort!

    Les meir »