Aktivitetar

#paovoss

08/04/2017

Påskeutfor

Skirenn i regi av Ekstremsportveko og Voss Resort. Passer for heile familien!

Me gjentar suksessen! Ekstremsportveko og Voss Resort inviterar til påskeutfor på Slettafjellet laurdag 8. april kl. 12. 
Enkel utforkonkurranse i og utanfor løypa med valfritt skiutstyr for heile familien.
Intervallstart på tid. Fartsdress er ikkje tillete.

Påmelding ved Grindbygget på Slettafjellet innan kl. 11:30.

Trasé: 
- Kombinasjon av tråkka løyper og upreparert terreng
- Lett/middels vanskeleg løype
- Enkelte korte stake/skøyteparti om ein ikkje får med seg nok fart ut på flater. 
- Enkle element som t.d «Reipelykkje» for å ta ned fart i kritiske parti, og for å måle tekniske ferdigheiter framfor ukontrollert galskap. 

Klasseinndeling:
J/G: 0-10 ÅR. Foreldre kan slå fylgje med dei gjennom løypa om det er ynskje. 
J/G: 11-14 ÅR
J/G: 15-19 ÅR
K/H: 20-40 ÅR
K/H: 40-60 ÅR
K/H: 60+

Arrangementet er gratis.

Flotte premiar!
Premieutdeling på Slettafjellet rett etter konkurransen.

Andre arrangement