Aktivitetar

#paovoss

25/03/2017

Bavallen Grand Prix

Årets happening for mange! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid.

Om Bavallen Grand Prix:
Lagkonkurranse (3 pr lag) kor traséen er lagt gjenom heile anlegget og som gjennomføres før opningstid. Ved kritiske punkt er det fartsreduserande element for deltakarane. Det er satt ut «checkpoints» i løypa som må passerast. Dette er ein konkurranse der alle kan delta, så lenge dei er over 15 år. Knallkjekt! Masse flotte premiar. 

Program:
07.00 - 07.30: Registrering v/billettkontoret i Bavallen
07.30: Løpermøte i Varmestovo
08.00: Rennstart (Ekspressen)
Frå kl. 15.00: Afterski på Skibarbula
16.30: Premieutdeling på Bavallstunet.

Påmelding og prisar:
I år vert det ny vri ift. påmelding og prisar og det gjeld å vera tidleg ute av to grunnar: 

  1.  Startlista vert basert på påmeldingslista.Det vil sei at lag nr. 1 som melder seg på får startnummer 1. Lag nr. 2 som melder seg på får startnummer 2, osv. Jo tidlegare påmelding, jo tidlegare startnr. 
  2.  Billigare ved bestilling før 20. mars. Pris per person ved påmelding og betaling fram til og med 19. mars: kr. 200,-. Pris per person ved påmelding og betaling frå og med 20. mars: kr. 250,-

I tillegg opnar me for forhåndspåmelding til Bavallen Grand Prix 2017 ein eller anna gong under Fresky Preski afterski 3. desember.
Dersom du er på afterski denne dagen får du altså ein gyllen mogelegheit til å sikre deg startnummer 1. Vennligst merk; ein må ha klar namn, samt betale, for alle tre lagmedlemmer når ein melder seg på her (men alle tre treng ikkje møte opp fysisk). Ordinær påmelding opner deretter sundag 4. desember kl. 10.00, via denne lenka: vossresort.skiperformance.com 

Tilbod på frukost og dagskort:
I år inviterer me og alle deltakarar til frukostbuffet på Hanguren etter rennet for kr. 100,- per person (hugs at du då må ha skikort), samt rabattert pris på dagskort.

Det er plass til 50 lag – så her er det fyrste mann til mølla.

Påmelding til Bavallen Grand Prix 2017 (opner sundag 4. desember kl. 10.00)


Følg gjerne med for oppdateringa og liknande på Facebook-eventet.



 

Andre arrangement

  • 14. Januar - 23. April, Kvar helg og i feriar

    Skirenn for dei minste

    Skirenn for dei minste

    Les meir »
  • 20. Januar - 22. April, Kvar fredag og laurdag

    Afterski på SkiBarBula

    Afterski på Bavallstunet kvar fredag og lørdag frå kl.15. Quiz anna kvar fredag fram til og med 17. mars.

    Les meir »
  • 18. Februar - 26. Februar

    Vinterferieprogram veke 8

    Me har mange kjekke aktivitetar for store og små i veke 8. Alvin og gjengen kjem på besøk i Badnakrokjen lørdag 25.feb.

    Les meir »
  • 25. Februar - 26. Februar, 09:30 - 16:00

    Familiehelg i Voss Resort

    Denne helga vert det mykje moro for heile familien! Me inviterer til familiehelg i samarbeid med G-sport og Alvin og Gjengen!

    Les meir »
  • 27. Februar - 05. Mars

    Vinterferieprogram, veke 9

    Me har fullt program med mange kjekke aktiviteter gjennom heile vinterferien i veke 9!

    Les meir »
  • 04. Mars

    Session Park Jam

    Session Park Jam og demostand på Slettafjellet!

    Les meir »
  • 04. Mars, 12:00 - 14:00

    Trolldag

    Bli med på trolldag i Badnakrokjen!

    Les meir »
  • 11. Mars, 09:30 - 16:00

    Skiline-konkurranse: "Høgdemeterslukaren"

    Kven kan køyra mest høgdemeter denne laurdagen?

    Les meir »
  • 18. Mars, 10.00 - 14.00

    Skidemo Åsnes

    Skidemo med Åsnes på Slettafjellet.

    Les meir »
  • 18. Mars, 09:30 - 21:00

    Jentedag

    Me inviterer til jentedag i Voss Resort!

    Les meir »
  • 18. Mars, 12:00 - 15:00

    Vossa Challenge

    For jenter som likar å leika. 7 kjekke aktivitetar, passer for alle nivå. Stikkord her er balanse, leik, fart og litt flaks. Flotte premiar.

    Les meir »
  • 08. April

    Påskeutfor

    Skirenn i regi av Ekstremsportveko og Voss Resort. Passer for heile familien!

    Les meir »
  • 11. April

    Voss Freeride - Norgescup i frikøyring

    Tirsdag 11. april vert det norgescup i frikøyring i Voss Resort!

    Les meir »
  • 15. April

    Session Invitational

    God stemning og mykje moro på Horgaletten påskeaftan!

    Les meir »
  • 22. April

    Sesongavslutning med Turbostipend

    Bli med på ein heidundrande sesongavslutning der kvelden ender med konsert med sjølvaste Turbostipend!

    Les meir »