Tråstølen Panorama 2 – nytt felt ute for sal! 

 

Endeleg er neste byggjetrinn i Voss Resort klart for sal.


Ideel plassering for barnefamiliar

Prosjektet ligg som ei forlenging av byggjefeltet i Tråstølen og har herleg beliggenhet, der Alphaløypa og Familieløypa krysser kvarandre. Her spenner du på deg skia og sklir rett ut i løypa. I Tråstølen Panorama 2 får du i tillegg til ski inn/ski ut og eventyrleg utsikt, samt heilårsveg.

I dette prosjektet kan du tilpasse leiligheiten etter ynskje og behov. Sett ditt personlege preg på din nye fritidsbustad. Utbyggjar er fleksibel og behjelpeleg med endringar og tilval.


Innhald

Prosjektet består av 2 bygg. Bygga består av totalt 10 leiligheiter; ein firemannsbolig (Hus 2) og ein seksmannsbolig (Hus 1). Leiligheitene er frå 72 til 79 kvm BRA. Alle leiligheitene inneheld; entré, stue/kjøkken, 3 soverom, baderom, ekstra wc og utvendig sportsbod.


Pris

Faste prisar frå kr 3.650.000,- til kr 4.090.000,-. Lave omkostningar på under kr 10.000,- per leiligheit.


Overlevering

Hus 1: Overlevering til kjøpar i desember 2021.
Hus 2: Overlevering til kjøpar i februar/mars 2022.

 

Sjå meir i vår leiligheitsvelger

 

Kvifor Voss Resort?

Voss Resort er plassen for deg som ser etter ein stad i rivande utvikling. Nylig er det kome ny gondol og ny restaurant (Voss sin største), som sørger for heilårstilbod på Hangurstoppen. Voss Resort er det skianlegget på Vestlandet med flest heisar og nedfarter. Her er og fantastiske langrennsmoglegheiter, med heile 18 km preparerte løyper på Hangurstoppen. Skianlegget er under kontinuerleg vidareutvikling, med planar om nye heisar og løyper i tida framover. 

Berre nokre minutt køyring frå hytta finn ein Voss sentrum – ein heilårsdestinasjon med stor variasjon innan aktivitetar, arrangement, kultur og natur. 
Her er noko for heile familien! 


Velkomen til Voss og Voss Resort.
Kort frå Bergen – langt frå kvardagen!

 

Kontakt meglere

Håkon Holen
tlf: 916 56 018 / hh@proaktiv.no

Lena Leikvoll
tlf: 480 81 36 / lena.leikvoll@proaktiv.no

 

Det opplyses om at 3D bilete og video, samt 2D teikningar, er illustrasjonar og at så vel uteareal som innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte danner grunnlaget for avtalen, eller er bindande for selger. For data som danner grunnlaget for avtale, ta kontakt med megler. Oppgitte arealer er oppgitt og utrekna av arkitekt. Det taes forbehold om feil i prislister, samt endring i prosjekt. Planteikning kan vise speilvendt leilighet.

Kontakt oss

For prospekt, vising eller meir informasjon