Voss Resort

Berre 1,5 time frå Bergen og
5 km frå Voss sentrum

Kort frå Bergen – langt frå kvardagen

Om lag 1 ½ time frå Bergen sentrum finn ein Vestlandets største skibygd og Voss Resort sitt fantastiske skianlegg. Her tilbyr me nøkkelferdige fritidsbustadar med flott utsikt og rolige omgivelsar på Tråstølen, berre 5 km frå Voss sentrum. 

Leiligheitene har meget flott beliggenhet i naturskjønne omgivelsar, i Øvre Tråstølen.
Beliggende like nedanfor Tråstølsheisen har leiligheitene fantastisk utsikt og er svært nær skibakken. Ski inn - ski ut!


Norges beste skiterreng

Vinterstid har du Norges beste skiterreng like utanfor hyttedøra. Spenn på deg skia og skli ned til Ekspressheisen, som tek deg frå 300 til 860 moh på 5 minutt. Deretter kan du boltre deg i 42 km preparerte alpinløyper i ulike vanskelighetsgrader. I Voss Resort har ein og fantastiske off-piste muligheter, stor terrengpark og 3 områder og trekk spesielt tilrettelagt for barna. Tre kvelder i veka er det kveldskøyring, i meir enn 10 km lyssatte løyper! 

Langrennsløypene er lett tilgjengelig og strekker seg 18 km med preparerte spor for både klassisk skigåing og for skøyting. Skulle ikkje dette vera nok, ligg Voss ski- og tursenter 15 minutter unna med bil. Eit fantastisk langrennseldorado for store og små, samt lysløype og rulleskibane.


Voss Resort – heile året!

Frå Tråstølen og Voss Resort finn du aktivitetar for både store og små i umiddelbar nærhet, ikkje berre om vinteren, men gjennom heile året!
Hytteområdet passar perfekt for dei som vil ut og nyte naturen året rundt, då det er flotte turmuligheter rett utanfor hytta. 

I tillegg er det korte avstander til det aller meste av aktivitetar og Voss sentrum finn du berre 5 km frå Voss Resort. 


Aktivitetar
Voss som destinasjon har et bredt aktivitetstilbud med bl.a. golfbane, jakt og fiske, rafting og elvepadling, fjellklatring, klatrepark, vindtunnel, bading i elv og vatn, utebasseng, nytt innandørs badeanlegg, samt eit mangfald av luftsportsaktiviteter og vandreruter. Med andre ord finn ein både “mjuke” og meir ekstreme aktivitetar for alle aldre.

Den nye gondolen vil bidra til heilårstilbodet og frakta deg opp og ned frå Voss sentrum til Hangurstoppen gjennom alle sesongar. 


Arrangement

Vossabygda byr og på velkjende festivaler og arrangement heile året. Mest kjent er fotballturneringa Voss Cup, Ekstremsportveko, Vossa Jazz, Smalahovesleppet og Osafestivalen. Arrangementa trekker godt med folk til bygda og skaper mykje liv og røre.


Shopping, kultur og lokale produkter
Bygda har eit sjarmerande sentrum med et godt utvalg av butikkar, restaurantar, kaféer og nattklubb og ulike servicetilbud.
Her er både eit bredt og godt kulturtilbud, i tillegg til et aktivt uteliv!  

Er du på jakt etter lokale produkt, får du mykje av det på Voss. Her har me til døme butikker som Kari Traa, We Norwegians, Glød, Sylvsmidje og Flor. Prikken over i'en er å oppleve ein av dei lokale kjøttprodusentene, som t.d Smalahovetunet.
 

Utleige av fritidsbustad

Voss Resort organiserer og administrerer ei utleigeordning for alle hytte/leilighetseigarane som ynskjer dette.
Dei siste års erfaring frå drift av denne type virksomhet i Bavallstunet fritidssenter har hatt ei god avkastning til eigarane. 
Fleire hytteeigarar nytter denne ordninga for å bidra til finansieringa til hyttedraumen. 

 

Kontakt oss:

Håkon Holen
hakon.holen@proaktiv.no
tlf: 916 56 018

Lena Leikvoll
lena.leikvoll@proaktiv.no
tlf: 480 81 361

Øyvind Wæhle
oyvind@vossresort.no
tlf: 900 55 524

Meld interesse