Vinterveko - ekstremsport i snø
Torsdag 11. - sundag 14. mars vert Vinterveko 2010 arrangert på Voss. Likar du ekstremsport er Voss plassen å vera desse dagane!
Konkurransar, kurs og aktivitetar finn stad fleire plassar i bygda, og hjå Voss Resort vert det konkurranse i speedriding laurdag og airboard sundag.
Tradisjonen tru vert det og sosiale "happenings", som prisutdeling, afterski og konsert.
Du er like velkomen sjølv om du berre er tilskodar frå sidelinja...
Velkomne til Voss og Vinterveko!
Voss er ein spanande destinasjon om vinteren, og Vinterveko er i høgste grad med på å framheva dette. Med konkurransar og oppvisningar innan sportane frikøyring, kiting, big air, paragliding, speedriding og fallskjerm, er Vinterveko vorte ein samlande arena for nyskaping innan vinteraktivitetar.
Program 2010
Me presenterer her eit utval av programmet, for fullstendig program sport/festival, klikk her.
Torsdag
20.00-22.00: Møte for deltakarane i Freeride konkurransen, Fraktgodsen
Fredag
09.00-17.00: Kvalifisering, Voss Freeride
15.30-19.00: Skitur i vossafjella, oppmøte Tre Brør Café
17.00-22.00: Apreski + registrering av alle deltakarar, Voss Rafting Senter
Laurdag
08.30-17.00: Skitur i vossafjella - kategori: "hard", Tre Brør Café
09.00-17.00: Skredkurs, 1 dag intensivkurs, Myrkdalen
09.00-17.00: Skitur i vossafjella - kategori: "easy", Tre Brør Café
09.00-17.00: Finalar, Voss Freeride
10.00-17.00: Konkurranse, speedrinding, Voss Resort
10.00-17.00: Vestlandsmeisterskap, Big Air, Myrkdalen
10.00-17.00: Test dag, paragliding, Myrkdalen
19.00-20.00: Rail Jam, Torget i Voss sentrum
20.00-20.30: Prisutdeling, Torget
21.00-21.30: Dagens video, Fraktgodsen
22.00-23.00: Konsert m The Soul Express Orchestra, Fraktgodsen
23.00-03.00: DJ/Party, Fraktgodsen
Sundag
13.00-16.00: Skitur, sosial...oppmøte, Tre Brør Café
13.00-15.00: Airboard konkurranse, Voss Resort
18.00-18.30: Reprise, dagens video laurdag, Tre Brør Café












