Mat for einkvar smak
Storastova

Ved skitrekka på Slettafjellet finn du Storastova. Her får du kjøpt store hamburgarar, pommes frites, saftige pølser, kjøttbollar, Cold Cat (fisk i brød) lapskaus og pasta. I kjøledisken finn du mellom anna muffins og lefser, og i tillegg er her eit godt utval av kalde og varme drikker.
For sesongen 08/09 har Storastova vorte pussa opp, og fått utvida område for servering og kassabetjening.

Varmestova
I Bavallen finn du kaféen Varmestova. Her vert dei varme baguettane smurt mens du ventar - ferskare får du det ikkje! Godt utval av pålegg og tilbehør.
I tillegg vert det dagleg steikt ferske bollar, og noko betre enn "Grebbebollane" skal du leita lenge etter...Elles får du kjøpt varme pølser, frukt, muffins, lefser, sjokolade, juice, brus, sjokolademjølk og diverse utval av varme drikker.

Hangursrestauranten
På Hanguren ligg kaféen med den flottaste utsikta over Voss! Krydra utsikta med eit godt måltid frå vår varierte meny.
I helgene vert det servert pizzabuffét, og ligg forholda til rette for det tek me fram grillen på terrassen. Med fengande musikk og god stemning er Hangursrestauranten den perfekte staden å starta afterskien på!
Bavallstunet og SkiBarBula
Den beste afterskien på Voss finn du på Bavallstunet! SkiBarBula er open kvar laurdag i vintersesongen, med utvida opningstider i skuleferiane.
Bavallstunet serverar frukost, lunsj og middag til grupper på over 12 personar. Må førehandstingast.












