Langrenn på Voss
- mange mogelegheiter
Voss Resort
Me har omlag 18 km med flotte langrennsløyper på fjellet, rundt området ved Hanguren. Løypene vert jamnleg preparert, og er alltid sporsatt. Løypene er for det meste nokså flate, med noko kupert terreng innimellom. Det er tre løyper; gamle lysløypa på ca. 6 km, Raugstadløypa på ca. 3,5 km og turløypa vis Raude Krossen si hytte på 8,5 km.
Ved å klikke deg inn på Skisporet.no kan du halda deg "augneblinksoppdatert" om når løypene sist vart preparert, og elles få nærare informasjon om løypene.
Voss ski og tursenter
Ynskjer du litt variasjon kan me anbefala ein tur til Voss ski og tursenter i Herresåsen. Her finn du over 25 km med fine langrennsløyper for heile familien. Det er omlag 15 min køyring frå Bavallen til parkeringen i Herresåsen.

Løypene vert jamnleg sporsatte. Frå området ved Raude krossen si hytte.

Frå lysløypa på Hanguren, Voss Resort.











