Voss Resort GB
Voss Resort vinter

Hyttene

Ei av hyttene innvendig

Hyttene er av høg kvalitet og godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Dei fleste har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter.

Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 12 personar. Kvar hytte er sett saman av to einingar, og er anten vertikal- eller horisontaldelt.

Du finn eit utval av bilete frå hyttene i vårt Galleri . NB! Alle hyttene er individuelt innreia og møblert.


Voss Resort Bavallstunet tilbyr fem ulike hyttetypar:

GruppeAreal m²Sengeplassar *Merknad
1554 (5)2 soverom
2604 (6)2 soverom, sauna
360 + hems6 (8)2 soverom, hems, sauna
480-856 (9)3 soverom, sauna
595 + hems8 (14)3 soverom, 2 etasjar + hems, 2 stk WC, sauna











* Sengeinndelinga varierer frå hytte til hytte.

Gruppe 1:

Hyttene er på ca. 55 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad, stove, kjøkken og vedomn. Hytteeiningane i overetasjen har utgang til eigen altan, underetasjen har utgang til plen eller terrasse.

Gruppe 2:
Hyttene er på ca. 60 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad med sauna, kjøkken og stove. Alle hyttene i denne gruppa er plassert i underetasje med utgang til eigen plen eller terrasse. Det er ikkje vedomn i denne hyttegruppa.

Gruppe 3:
Hyttene er på ca. 70 m² fordelt på i hovudsak eitt plan, og har to soverom, hems, bad med sauna, kjøkken og stove. Nokre har to toalett.

Gruppe 4:
Hyttene er på ca. 80 m². Omlag halvparten av hyttene i denne kategorien er fordelt på to plan, resten går over eitt plan. Hyttene har tre soverom, bad med sauna, kjøkken og stove, og nokre har to toalett. Einingar som går over eitt plan har utgang til både altan og terrasse, eller plen.

Gruppe 5:

Hyttene er på ca. 100 m² fordelt på to plan. Dei har òg hems, tre soverom, bad med sauna, ekstra toalett, kjøkken og stove.

For booking, ta kontakt på tlf. 56 51 13 10, eller send e-post.









kjopskikort.gifkjopskikort-ikon.gif
Følg Voss Resort:
facebook-vr.giftwitter_vr.gif
Sjå film og flotte bilete:
foto_vr.gif
film_vr.gif
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i sommar:
samarbeidspartner_vr.gif
resort-sommarfugl.gif
vossprofil-logo-vr.gif
Gå til G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: Skianlegget - fjellheisar@vossresort.no | Hytteleige - post@vossresort.no | Tlf. + 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS