Voss Resort GB
Voss Resort vinter

Bu rett ved foten av skianlegget

- i topp moderne hytter!

Voss Resort Bavallstunet leiger ut topp moderne hytter og leilegheiter heile året, med skianlegget som næraste nabo.

Området ligg flott til med utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og med korte avstandar til det meste. Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, og omlag ti minutt frå Voss sentrum, eller fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo.

Som i eit eventyr...

Bavallstunet er eit perfekt utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar. Her har heile familien fjellet og naturen som spanande leikeområde rett utanfor døra! Vi legg vekt på at området skal vera roleg og familievenleg. Ansvarleg leigetakar av våre hytter/leilegheiter må vera 23 år eller meir.

Hyttefeltet består av 138 hytteeiningar med to separate leilegheiter, vertikal- eller horisontaldelte. Dei ligg på mellom 50 - 120 m² i storleik. Voss Resort Bavallstunet disponerer omlag 70 einingar for utleige året rundt, samt seks moderne innreia leilegheiter i andre etasje i servicebygget.

Servicebygningen har matsal, salong, stort resepsjonsområde, toalett, og bar med alle rettar. I tillegg er der topp moderne lokale for møte og seminar i tredje etasje. Sjå vårt fotogalleri.

Opningstider i resepsjonen vinteren 2010:
Mån-tors: 09.00 - 16.00
Fre-laur: 09.00 - 21.00
Sun: 10.00 - 15.00

Kombinér overnatting med andre aktivitetar

Hyttene høver perfekt for grupper. Her kan det faglege og det sosiale kombinerast på ein god måte. De kan få skreddarsydd eit opplegg for gruppa dykkar, med både overnatting, aktivitetar, mat og møte-/seminarfasilitetar i servicebygget. Om de vil ha både overnatting og møte på ei stor hytta, så let det seg ordna. Kick off, firmasamling, jubileum, treningssamling, gutetur, jentetur - ta kontakt, så lagar me eit opplegg for dykk!









kjopskikort.gifkjopskikort-ikon.gif
Følg Voss Resort:
facebook-vr.giftwitter_vr.gif
Sjå film og flotte bilete:
foto_vr.gif
film_vr.gif
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i sommar:
samarbeidspartner_vr.gif
resort-sommarfugl.gif
vossprofil-logo-vr.gif
Gå til G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: Skianlegget - fjellheisar@vossresort.no | Hytteleige - post@vossresort.no | Tlf. + 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS