Hjelp oss å verta endå betre

Gode gjest!
Me håpar du som kunde har hatt ei god oppleving hjå oss i Voss Resort. For å verta endå betre treng me tilbakemelding frå deg, slik at me i framtida kan fortsettja å gi våre gjester gode opplevingar. Me ynskjer å få både ros og ris.
Fyll ut skjema under, og skriv om dei erfaringane du har hatt hjå Voss Resort, anten det gjeld skianlegget, overnatting, servering, skiskulen, løypene, web-sidene våre, og så vidare. Meldinga di vert vidaresendt til leiinga/dei ansvarlege for det området din kommentar gjeld. Du vel sjølv om du vil vera anonym.
Takk for hjelp!
Me har så langt fått mange tilbakemeldingar, men ynskjer fortsatt fleire. Takk til alle som har sendt inn - dine meiningar er verdifulle for oss!











