Om Voss Resort
Nytt selskap, men lang historie
Voss Resort AS vart stifta i 2007, og er moderselskapet i konsernet Voss Resort. Selskapet er eigd 50 % av brørne Roger og Kristian Adolfsen frå hotellkjeda Norlandia Hotels and Resorts. 50 % er fordelt på selskap og privatpersonar med tilknyting til Bavallen og Voss. Dei største eigarane her er Marta K. Vethe, Sigbjørn Slåtten og Øyvind Wæhle. Administrerande direktør i selskapet er Øyvind Wæhle .
Fire dotterselskap

Under paraplyen Voss Resort finn ein fire dotterselskap, som alle vart ein del av Voss Resort konsernet i 2007.
Voss Resort Fjellheisar AS: I 1947 vart det fyrste skitrekket i Bavallen satt opp, og dette var det tredje fyrste skitrekket som vart oppført i Noreg. Eigarselskapet den gong heitte L/L Voss Skitrekk, men vart overteke og drifta av Voss Ski og Fjellheisar i 1963. For å auka kapasiteten vart det bygd stolheis i Bavallen, og denne vart opna 1. januar i 1973. Med den nye heisen hadde skianlegget ein total kapasitet på 2600 personar i timen. Idag har Voss Resort Fjellheisar sin Ekspressheis (opna 8. januar 2007) åleine ein kapasitet på 2600 personar i timen! Og den tek deg til toppen på berre fem minutt...
Store meisterskap og kjente skiaktørar som Kari Traa, Jan Einar Thorsen og Ingemar Stenmark har vore med på å skapa Fjellheisane si historie. Mellom anna har her vore arrangert World Cup både i alpint og freestyle fleire gonger. Jan Einar Thorsen , som er dagleg leiar i selskapet, har sjølv køyrt mange renn i Bavallen. Han har bronse frå OL i 1992, og vann World Cup Super-G samanlagt i 1994.
Voss Fjellheisar AS vart teke over av Norlandia i desember 1999, og vart så ein del av Voss Resort konsernet i 2007. Selskapet er 100 % eigd av Voss Resort AS.

Voss Resort Bavallstunet AS: Skifta namn frå Bavallstova til Bavallstunet i 1996. Bavallstova si historie som skipensjonat kan skrivast heilt tilbake til 1956. Då var der 14 rom, spisesal, møterom og bar. Kundane var mindre lag og grupper frå næringslivet, i tillegg til vinter- og sommargjester. Dei seinare åra har hovudbygningen på Bavallstunet vorte renovert og pussa opp fleire gonger, og står no fram med lyse, trivelege og svært moderne lokale. Her finn ein no matsal, salong, eit stort resepsjonsområde, bar, møte/seminar- lokale, og 7 utleige leilegheiter.
Hyttebygginga ved Bavallstunet starta i 2000, og var ferdig i 2006. Totalt er det no 136 bueiningar tilhøyrande Bavallstunet. Voss Resort Bavallstunet AS driv alle dei fire serveringsstadane (Bavallstunet, Hangursrestauranten, Storastova og Varmestova) eigd av Voss Resort. Dagleg leiar er Brede Abbedissen .
Voss Resort Prosjektutvikling AS: Vart stifta i 2000, og er eit selskap som driv eigedomsutvikling. Selskapet har stått for utbygginga av hyttene i Bavallstunet, totalt 136 bueiningar. Selskapet står også for hytteutbygginga (tilsaman 600 einingar) som skal gjennomførast i Bavallen - Tråstølen dei komande åra. Selskapet er eigd 100 % av Voss Resort AS. Dagleg leiar er Øyvind Wæhle .

Voss Resort Skileige - Skiskule AS: Selskapet driv med utleige av alt skiutstyr i Bavallen og på Hanguren, i tillegg til skiskule. Flytta inn i nye og moderne lokale i heishuset til gamle Bavallsheisen februar 2008. Selskapet er eigd 64 % av Voss Resort AS, og 34 % av dagleg leiar Einar Raa Nilsen .











