Ekstremjazz på Hanguren 27. mars
Dei beste ekstremsportutøvarane krydrar det visuelle mens gode musikarar stemmer i med vakre tonar frå Harald Sæverud sitt verk "Kjempeviseslåtten". Alt finn stad på Hanguren laurdag 27. mars.
Ekstremjazzen satsar som vanleg på ei ny krossovertilskiping med jazz, folkemusikk og ekstremsport. Med utgangspunkt i Harald Sæverud sitt verk "Kjmepeviseslåtten" vil me få høyra ein heilt ny komposisjon der jazz, folkemusikk, fjell og sterke kjensler vert fletta saman i ei makelaus nyskapande kulturoppleving.
Med Voss sin fantastiske natur som bekteppe vil nokre av Noreg og verda sine beste ekstremsportutøvarar krydra det visuelle medan me får høyra Kjempeviseslåtten som utgangspunkt for eit nytt musikalsk skaparverk av Jon Balke.
30-50 publikumarar kan få plass i paraglidar-tandem som vil sirkla over og rundt konsertstaden - makan til tribune skal du leita lenge etter!
For meir informasjon om arrangemnetet, eller for tinging av tandem-tur, ta kontakt med prosjektleiar Annichen Rokne på 95 13 03 91, eller annichen@festivalvoss.no.
Sjølve konserten er gratis, du betalar kun for turen opp med heisen. Ein enkelttur har prisen 65,-/45,-, dagskort og sesongkort gjeld.
Medverkande på konserten:
Jon Balke - tangentar, komponist
Per Jørgensen - trompet
Helge Norbakken - perkusjon
Petter Vågan - gitar
Snorre Bjerck - trommer
Asle Karstad - lyddesign












