For små og store grupper
Legg firmaturen til oss!

Gode opplevingar i naturen, tradisjon og kultur, fart og spaning - Voss Resort kan tilby eit breidt utval av aktivitetar for små og store grupper. Me planlegg opplegget i tett samarbeide med deg som kunde, der reell verdiutvikling i firmaet er eit av hovudmåla. Kvart einskilt arrangement vert unikt!
Voss Resort har meir enn 10 års erfaring med tilrettelegging og gjennomføring av lagbyggingsaktivitetar for grupper frå 6 til 600 deltakarar. Du kan føla deg trygg på oss!
Alle aktivitetane vert avslutta med premiering til vinnaren/vinnarlaget.
Servering

Alle våre aktivitetar kan kombinerast med servering. På bestilling kan de få gløgg, kaffi, lapskaus, baguettar, eller meir avanserte varmrettar.
Maten kan nytast ute i naturen, eller på ein av våre serveringsstader i anlegget. På Bavallstunet kan de velgja frå vår spanande à la carte meny (minimum 12 personar). Ynskjer de afterski for gruppa i SkiBarBula eller på Hangursrestauranten, så ordnar me det og!
Ring oss idag!
For spørsmål rundt aktivitetane, eller for bestilling, ta kontakt med
Gunvor Wæhle på tlf. 95 98 20 65, eller send e-post.
Velkomne til oss!











