Hangursrestauranten
Feiring til fjells
Hangursrestauranten har plass til 120 gjester, og er difor eigna som selskapslokale for dei aller fleste arrangement. Her kan du feire konfirmasjon, brudlaup, jubileum, fødselsdag eller firmalunsj. Voss Resort kan stille med alt av mat og drikke, men det er fullt mogeleg å halde selskap her med eigen mat.
Hangursrestauranten kan brukast til private selskap/arrangement året rundt, og utanom sesong og ordinær opningstid.
Har du lyst å halde selskap på Hangursrestauranten? Våre ansvarlege for selskap og arrangement hjelper deg gjerne med planlegginga.
Ta kontakt med oss for meir informasjon på tlf. 4700 4700.

Hangursrestauranten vert nytta som selskapslokale året rundt. Foto: Svein Ulvund









