Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

Bavallstunet

Alt på ein stad

Vel du Bavallstunet for selskapet ditt har du alt på ein stad. I tillegg til flotte selskapslokale har Bavallstunet eit triveleg uteområde med leikeplass for dei minste, terasse og altan, mogelegheit for bar med alle rettigheiter, møterom med moderne fasilitetar og overnatting i hytter eller leilegheiter dersom gjestene dine treng det.

På Bavallstunet har ein erfaring med alle typar selskap. Ta gjerne kontakt på tlf. 4700 4700 for meir informasjon, eller dersom du treng hjelp til å planlegge selskapet ditt. Vi vil gjerne hjelpe deg!

Spisesal med hyggeleg atmosfære

Spisesalen i Bavallstunet har vorte pussa opp og bygd om fleire gonger dei siste åra, og har moderne og komfortabel innreiing. Spisesalen har plass til 60 gjester, og slår ein opp dørene til salongen kan ytterlegare 15 personar serverast.

Stovo

Stovo er eit lite raudt hus rett utanfor Bavallstunet. Dette er staden for meir intime selskap og små lag. Her kan 22 personar serverast samtidig.

bavallstunet-stovo.jpg


Om sommaren er terassen på Bavallstunet lun og solrik. Stovo til høgre i biletet.





Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS