Reisa hit
Korleis finna Voss Resort Bavallstunet?

Voss Resort Bavallstunet ligg omlag 5,5 km frå Voss sentrum, berre nokre hundre meter frå skianlegget til Voss Resort Fjellheisar i Bavallen.
Frå Bergen med bil:
Følg E16 retning Voss. Når du kjem til sentrum av Voss held du til høgre for kyrkja og fortset fram til det fyrste lyskrysset. Her tek du til venstre og køyrer inn på E16/Rv. 13. Køyr vidare på denne i ca. 1 km til det første krysset, og ta til venstre i retning Lærdal og Oslo. Køyr deretter i ca. 1,5 km og ta til venstre ved skilt mot Bavallen. Følg Bavallsvegen opp til skianlegget, og vidare til vegen endar ved Bavallstunet.
Frå aust med bil:
Følg E16/Rv. 13 til Skulestadmo, ca. 4 km før Voss sentrum. Etter å ha passert Hydro Texaco på venstre hand, følg vegen vidare i ca. 1 km, ta deretter til høgre mot Bavallen i fyrste kryss. Følg Bavallsvegen opp til skianlegget, og vidare til vegen endar ved Bavallstunet.
Voss er lett tilgjengeleg både med bil, tog, og buss. Næraste flyplass er Flesland ved Bergen. Følg linkane under for meir informasjon om alternative reisemåtar:
GPS koordinatar: N: 6727000 - Ø: 358940 - UTM sone: 32
Tog: NSB
Buss: NOR-WAY Bussekspress , Tide
Fly: Norwegian , SAS Braathens , Widerøe
Båt: Flaggruten (Tide) , Hurtigruten , Fjord1
På visitvoss finn du mange nyttige lenkjer og kontaktinformasjon for deg som skal reisa til Voss.
Har du spørsmål rundt reisa di hit, ikkje nøl med å ta kontakt med oss på tlf. 4700 4700, eller send e-post.









