Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

Overnatting med fantastisk utsikt

Voss Resort Bavallstunet leiger ut topp moderne hytter og leilegheiter heile året, berre eit par hundre meter frå skianlegget. Området ligg flott til med utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og med korte avstandar til det meste. Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, og omlag ti minutt frå Voss sentrum, eller fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo.

Voss Resort Bavallstunet legg vekt på at området skal vera roleg og familievenleg. Her har dei minste ein leikeplass med husker og klatrestativ. I tillegg har heile familien fjellet og naturen som spanande leikeområde like utanfor døra!

Hyttefeltet består av 138 hytteeiningar med to separate leilegheiter, vertikal- eller horisontaldelte. Dei ligg på mellom 50 til 120 m² i storleik. Voss Resort Bavallstunet disponerar omlag 70 einingar for utleige året rundt. I tillegg er det seks moderne innreia leilegheiter i andre etasje i servicebygget.

Servicebygningen har matsal, salong, stort resepsjonsområde, toalett, og bar med alle rettar. I tillegg er det topp moderne lokale for møte og seminar i tredje etasje.

bavallstunet_3.jpg


Kombinér overnatting med andre aktivitetar


Hyttene høver perfekt for grupper. Her kan det faglege og det sosiale kombinerast på ein god måte. De kan få skreddarsydd eit opplegg for gruppa dykkar, med både overnatting, aktivitetar, mat og møte-/seminarfasilitetar i servicebygget. Om de vil ha både overnatting og møte på ei stor hytte, så ordnar me det. Kick off, firmasamling, jubileum, treningssamling, gutetur, jentetur - ta kontakt, så lagar me eit opplegg for dykk!

Velkomne til eit opphald fylt med gode opplevingar for både liten og stor!





Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS