Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

Ein god stad å vera

- heile året!

foto42994.jpg
Foto: Svein Ulvund

Voss har eit rikt kulturliv og aktivitetstilbodet er stort heile året. Det er ikkje mange stadar i Noreg du kan få så mangfaldige natur- og kulturopplevingar som her! Voss er eit regionsenter med eit allsidig handletilbod og uteliv, spanande kulturliv, aktivitetar som heile familien kan kosa seg med, eller meir ekstrem utfalding for spesielt interesserte.

Du får det ikkje keisamt på Voss! Her er berre eit lite utval av det bygda vår kan by på:

* Hangursbanen og Hangursrestauranten
* Sykling
* Spanande aktivitetar for grupper
* Trivelege sentrumsgater
* Amfi handlesenter
* Turar med Flåmsbana
* Nærøyfjorden og Hardangerfjorden
* Tandem paragliding
* Rafting
* Oppvarma symjebasseng
* Golf
* Bowling, squash og trening

Brosjyren Voss Guide '09 gir deg utfyllande informasjon om tilboda på Voss. Denne kan fåast både på norsk og engelsk hjå Turistinformasjonen. Ring 56 52 08 00, eller send e-post info@visitvoss.no. Websider: www.visitvoss.no.


Midt mellom dei store opplevingane

I snart to hundre år har me teke imot turistar som har søkt dei store opplevingane. Voss ligg midt mellom dei mest kjende fjordane i Noreg; Hardangerfjorden og Nærøyfjorden, og er dermed eit naturleg utgangspunkt for å oppleva fjord-Noreg.

Innan kulturlivet er det mykje som føregår på Voss. Nokre av dei mest kjende arrangementa er Vossa Jazz, som går av stabelen palmehelga kvart år, Voss Cup og Ekstremsportveko i juni og Smalahovesleppet og Osafestivalen i oktober.

Voss er eit sentralt knutepunkt mellom Bergen og Oslo. Du kjem deg enkelt til Voss både frå aust og vest, med bil, tog, buss eller fly.

Svein Ulvund tek flotte bilete frå Vossabygda stort sett kvar dag. Du kan sjå dei her .

Det største skianlegget på Vestlandet

Mange karakteriserer skiløypene på Voss som dei beste i landet. Voss Resort sitt skianlegg har varierte løyper for eitkvart nivå og heile familien trivs på ski her! 40 km med preparerte løyper, 20 km med sporsette langrennsløyper, to barneområde, 12 ulike heisar/trekk inkludert ekspressheis, og 3 serveringstader i anlegget.

Idrettslaga har årleg større nasjonale og internasjonale konkurransar i alpint, hopp og freestyle. Ingen andre stadar i verda har fleire OL- og VM-medaljevinnarar i vinteridrett enn Voss. Kari Traa og Jan Einar Thorsen er berre to av dei.

Folk frå heile verda kjem til Voss, anten det no er for å søkja fred og ro i den vakre naturen eller for å oppleva meir ekstreme aktivitetar.






Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS