Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

Rebusløype for heile familien

Hugs rebusløypa på Hanguren! Ta med både store og små, og gå rundturen på 4,2 km. Løypa går i lett turterreng som passar dei aller fleste.


Spørsmål for både liten og stor

Rebusløypa strekkjer seg i ein runde frå Hangursrestauranten, via Raude krossen si hytte, opp mot Hangurstoppen og ned att til Hangursrestauranten.

Undervegs vil de finna seks postar, med spørsmål for både liten og stor. Kart over postane, samt svarskjema får de kjøpt på Hangursrestauranten for kr. 30,-.

Alle som leverer inn utfylt skjema er med i trekninga av flotte premiar!

Hanguren er eit fantastisk flott område for fotturar, som sjølv dei minste meistrar. Har du ikkje teke turen med familien før kan me verkeleg anbefala dette! Med den nye rebusløypa har de i tillegg fått ein ekstra motivasjon for turen.

Lukke til :-)

Hanguren - fantastisk flott om sommaren!


Velkomne på Hanguren i sommar! Den perfekte plassen for fotturar for heile familien. Foto: Svein Ulvund.





Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS