Voss Resort GB
Voss Resort Sommarsider

På Voss finn du alt ein paraglidar kan ynskja seg!

foto30642.jpg

Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadane på Vestlandet og i Noreg. Ikkje utan grunn, for her finn du alt ein paraglidarpilot kan ynskja seg. Mellom anna har du:

* Gondolbane som tek deg til starten på Hanguren
* Sørvendt start med god termikk
* Ca. 600 m. høgdeskilnad
* Hovudlanding i sentrum ved Vangsvatnet
* Distansemoglegheiter i mange retningar


Sørvendt start på Hanguren

Starten ligg 200 m til høgre når du kjem opp med Hangursbanen; ein fin grasbakke som er nokså slakk og går over i ein markert trekant. Den sørvendte starten set opp fin termikk i fjellsida under start. Du finn gjerne bobla på venstre hjørna av start tidleg på dagen, like til venstre for vindpølsa, eller over heismasta framom Hangursrestauranten litt seinare på dagen. NB! Hugs å halda god klaring til kablar og gondol.

Ut på ettermiddagen kjem solgangsbrisen, og det vert sidevind på start. Dette gjer flyginga både meir vanskeleg og risikabel, og det kan verta problem med landinga. Følg derfor alltid med på Vangsvatnet og sjå etter når vinden kjem. Fly ned i tide!

For meir utfyllande informasjon, sjå Voss Hang- og Paraglider klubb sine nettsider.

paragliding_ulvund_.jpg


På paraglidarstarten på Hanguren er det ofte mange nysgjerrige tilskodarar. Foto: Svein Ulvund.

(Teksten er henta frå nettsida til Voss Hang- og Paraglider klubb).





Følg Voss Resort:
Følg oss på FacebookFølg oss på Twitter
Sjå film og flotte bilete:
Sjå foto
Sjå filmsnuttar
Samarbeids-
partnerar:
Voss Resort
i vinter:
Våre samarbeidspartar
Voss Resort sine vintersider
Gå til visitvoss.no


G-sport Bergen
space.gif

Tips ein venn om denne sida

Di e-post adresse Mottakar si e-post adresse

E-post: post@vossresort.no | Voss Resort Bavallstunet/Booking: Tlf. 4700 4700 | Voss Resort Fjellheisar: Tlf. 4700 4700

Imaker publiseringsløsning © 1997-2007 Imaker AS